Hopp til innhold

Ingebrigtsen etter 1-1: – Vi må træn

Rosenborg måtte nøye seg med 1-1 mot Strømsgodset og sesongens første poengtap. Men snakkisen var Rosenborgs leiarmål som var offside.

Tobias Mikkelsen scorer for Rosenborg

Her set Tobias Mikkelsen inn 1-0 for Rosenborg etter berre fem minutt

Foto: Tone Iversen/NRK

Laster innhold, vennligst vent..

Rosenborgs leiarmål etter fem minutt kom som resultat av eit godt angrep, men burde vore annullert for offside. Tobias Mikkelsen var i offside då framspelet kom.

Med små marginar rettnok, men tv-bileta viste tydeleg at det var offside.

– Det er latterleg at ikkje nokon av dommarane ser det, sa Godset-kaptein Jørgen Horn til CMore.

– Vi skulle gjere Lerkendal stille

Kovacs

Rutinerte Peter Kovacs blir gratulert etter å ha styrt inn utlikninga.

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

Innbytar Peter Kovacs hadde vore på bana i sju minutt då han utlikna. Florent Hanin fossa fram og fekk på ei heilt tom venstreside, og innlegget styrte den rutinerte 37-åringen inn.

– Eit skikkeleg Steffen Iversen-mål, gliste Kovacs etterpå.

– Det var vår beste kamp i år. Vi fekk spelet til å gli mykje betre enn i dei to første kampane, la Kovacs til.

– Og så gløymer vi offsidemålet og går vidare, sa han.

Strømsgodset-trenar David Nielsen var fornøgd.

– Vi gikk til kampen for å ta ballen frå dei. Vi skulle gjere Lerkendal stille, og det greidde vi. Vi leverte ein stor kamp i dag, og er best i store deler av kampen. Og det kjennest godt framfor nesten 20.000 på tribunene, sa Godset-trenaren.

– Kva seier du om offside-målet som gav Rosenborg leiinga?

– Ja, kva skal vi seie? Det burde ikkje vore godkjent, naturlegvis, men vi kan ikkje gjere noko med det. Eg er nøgd med dagen, seier Nielsen.

Publikum på Lerkendal

Det var nesten 20.000 tilskodarar på Lerkendal i kveld

Foto: NRK

Første baklengs etter 259 minutt

Det var Rosenborgs første baklengsmål i serien i år, etter 259 minutts spel.

– Det var ein dårleg kamp. Vi var nervøse, sa ein misnøgd Mike Jensen til CMore.

– Vi er fornøyde med poeng her. Vi viser god lagmoral, og vi har mer å gå på, sier Horn. Som igjen understreker at han er forbanna for at Rosenborgs ledermål ble godkjent.

- Vi får god åpning, så gir vi det frå oss. Godet gjer det vanskelig for oss. Dei styrte litt mykje i andre omgang. Men vi skulle avgjort det, vi var for upresise. Vi får ikkje nok tempo, seier Kåre Ingebrigtsen.

– Vi må træn, sier han.

RBK opna og avslutta best

Rosenborg opna kampen godt og nærmast leika seg med Strømsgodset den første halvtimen. Men dei skapte ikje all verden av sjansar, og etter kvart makta gjestene å kome meir framover. Likevel ein fortent leiing til Rosenborg ved pause.

Men det var Strømsgodset som tok tak i kampen etter pausen, og spesielt etter at eks-Rosenbor-spelar Øyvind Storflor kom inn for Flamur Kastrati ti minutt etter pause.

Det var Godset som pressa heimelaget over på defensiven, som utfordra og som skapte halvsjansar. Dei store sjansane kom ikkje i den enden av bana, fordi RBK-forsvarsrekke rydda godt opp.

Slutten av kampen vart stor underhaldning. Begge laga gjekk for den avgjerande goalen. «End-to-end-stuff» som dei seier i England, tut og køyr, på gidt norsk.

Rosenborg sette inn ein sterk sluttspurt og var nærmast. Mendei lykkast ikkje i å ta sin tredje strake siger.

Ødegaard Haaland
Foto: Vegard Grøtt / Bildbyrån

Fotball

  • Mbappé sendte Real Madrid til topps – to utvist i derbyet

    Kylian Mbappé scoret sitt 10. mål på ni seriekamper og ga Real Madrid 1-0-seier i derbyet mot Getafe. Dermed er laget tilbake på tabelltopp.

    Seieren satt langt inne. Målet kom ti minutter før full tid, da Getafe nettopp hadde pådratt seg den første av to utvisninger.

    Allan Nyom ble utvist i det 77. minutt, rett etter at han ble byttet inn. Mbappé scoret tre minutter senere.

    Alex Sancris ble deretter utvist med sitt annet gule kort, og Getafe måtte avslutte med ni mann. Likevel holdt laget på å utligne, men Thibaut Courtois berget Real Madrid med en god redning.

    Real Madrid tok sin åttende seier på ni seriekamper og et to poeng foran Barcelona før lagene møtes i sesongens første El Clásico om en uke. (NTB)

    En person som løper på et jorde
    Foto: THOMAS COEX / AFP / NTB
  • Tungt tap for Strømsgodset: Tapte 3-0 mot Fredrikstad

    Med fire poeng opp til kvalifiseringsplass var Strømsgodset i poengjakt då dei møtte Fredrikstad i Eliteserien, søndag.

    Men med 0-3-tap heime, kan det bli tøft å sikre eliteseriekontrakt.

    Etter jamspelt kamp med sjansar begge vegar, tok FFK leiinga i det 67. minutt. Oskar Øhlenschlæger sette hovudet i ballen og styrte inn 1-0.

    Like etter banka Ulrik Fredriksen 2-0 i krysset. Henrik Skogvold auka til 3-0 kort tid seinare. Bryne spelte 2-2 mot Rosenborg laurdag, og med siger over FFK ville Godset berre vore to poeng bak med fem kampar att av sesongen. I staden er avstanden fem poeng. (NRK/NTB)

    en fotballspiller som stuper etter en ball
    Foto: Trond R. Teigen / NTB
  • Feira framfor Vålerenga-fansen: "Uspiselig"

    Vålerengas Mathias Grundetjern var klar i talen då han prata med NRK etter 2-1-tapet mot HamKam, søndag.

    Ylldren Ibrahimaj skåra heimelaget sitt andre mål og jubla opp mot «Klanen».

    «Uspiselig» kallar Grundetjern det.

    I eit intervju med TV 2 før kampen, kalla Ibrahimaj også Vålerenga-fansen for «søpla».

    – Dei bua mot oss då me kom på oppvarming, på vår heimebane. At dei buar på oss, då må dei tole å få litt tilbake, seier Ibrahimaj til NRK.

    Grundetjern, som skåra Vålerenga sitt einaste mål, var ikkje fornøgd med korleis Ibrahimaj oppførte seg mot bortefansen.

    – Han er tidlegare LSK-spelar, så det seier jo sitt, seier Vålerenga-spissen.

    – Fotball er følelsar. Dei meine kva dei vil. Men når dei buar på oss på heimebane, då må dei tole å få tilbake, seier Ibrahimaj.

    en mann i hvit skjorte
    Foto: Geir Olsen / NTB
  • Innbytter berget KFUM-poeng mot KBK etter sekunder på banen

    Mame Mor Ndiaye ble løsningen da KFUM Oslo stanget lenge hjemme mot Kristiansund i Eliteserien. Han satte inn 1-1 og ordnet uavgjort i søndagens kamp.

    KFUM Oslo ligger på 7.-plass i Eliteserien med 34 poeng, mens KBK på 11.-plassen har 31.

    I neste serierunde har Kristiansund en viktig hjemmekamp mot HamKam, mens KFUM gjester Sarpsborg. (NTB)

    En gruppe fotballspillere på en bane
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • HamKam med stort steg mot forlenga eliteseriekontrakt: Slo Vålerenga 2–1

    HamKam kjempa seg inn til 2-1-siger over Vålerenga i Eliteserien. Dei tok med seg tre viktige poeng og gir klubben eit forsprang i nedrykksstriden i innspurten av sesongen.

    76 minutt var spelt da Ylldren Ibrahimaj dukka opp på bakre stolpe og nikket inn 2–1. Det sikra ein trepoengar som kan vere forskjellen på nedrykk og trygg plass ved sesongslutt.

    Med fem rundar att er det HamKam, Bryne og Strømsgodset som kjempar om den siste trygge plassen i Eliteserien. (NRK/NTB)

    En gruppe fotballspillere på en bane
    Foto: Geir Olsen / NTB
Juventus-spiller Mathilde Harviken var nær å redde på strek, men det ble dømt scoring etter en VAR-sjekk i Mesterliga-kampen mot Bayern München torsdag.
Video: Disney
Alessia Russo fikk æren av å sette inn Arsenals andre scoring mot Benfica i Mesterligaen.