– No er eg Vålerenga-spelar og skal gjere alt for klubben, seier Veigar Pall Gunnarsson etter å ha skrive sin første autograf til supporterane i dag.
Islendingen har stort sett spelt i ei hengande spissrolle i Stabæk. I Vålerenga får han konkurranse av Mohammed Fellah, som ikkje verkar fortvila over å ha fått Gunnarsson som lagkamerat.
– Det er bare bra at vi har fått ein så god spelar. Han kjem til å bidra masse for oss. Eg håpar han får oss til å kjempe i toppen, seier Fellah.
– Trur du den auka konkurransen vil få deg opp på eit høgare nivå?
– Det trur eg absolutt. Då vil eg meir og kjem til å trene ekstra, seier Fellah som allereie merkar at han er meir tent på å trene seg betre.
- SJÅ VIDEO: Gunnarssons første dag på trening med Vålerenga
Andresen: – Plass til begge
Martin Andresen har fleire moglegheiter om han skal bruke Fellah og Gunnarsson samstundes.
Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / SCANPIXTrenar Martin Andresen trur han kan få nytte av begge spelarane samstundes.
– Det er plass til begge, men ikkje i same posisjon sjølvsagt. Så blir det den som leverer best som får spele. Sånn konkurranse må det vere i ein fotballklubb, seier Andresen.
– Korleis kan dei spele samstundes?
– Ein kan flytte Fellah ned frå hengande spissrolle til midtbane, eller ut på kant. Gunnarsson kan ein også plassere i spissrolle. Det er fleire moglegheiter, seier Andresen.
Etter til saman åtte år i Stabæk er Gunnarsson godt etablert som hengande spiss, men i Vålerenga har han enno ikkje diskutert med trenaren om kor han skal spele.
– Detaljane kjem vi tilbake til i løpet av veka. Eg blei kjøpt til Vålerenga som spiss eller hengande spiss, og håpar eg kan få same playmakerrolla som eg hadde i Stabæk, seier Gunnarsson.
- SJÅ VIDEO: Fellah om konkurransen
Fellah glad for Gunnarson på laget
Prioriterte familien
Omsynet til familien var avgjerande for at Veigar Pall Gunnarson valde Vålerenga framfor Rosenborg.
– Vi hadde lyst til å bu i Oslo og veldig godt her. No slepp vi styret med å flytte og finne ny skule til gutane, seier Pall Gunnarsson.
Målgarantist
No håpar den tidlegare Stabæk-spissen å halde fram i rolla som målscorar for Vålerenga.
Trenar Martin Andresen er overbevist om at klubben har funne sin målgarantist.
– Veigar har 75 mål på 142 kampar, og nesten det same talet målgjevande pasningar. Statistikken hans taler for seg sjølv, seier Andresen.
Veigar Pall Gunnarsson blei presentert som Vålerenga-spelar under vennskapskampen mot Liverpool på Ullevaal stadion mandag.
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / Scanpix