Hopp til innhold

Fem ting vi hugsar frå femte runde

Aalesund slo tilbake, Glimt tapte mot ni mann, Odd var ikkje uslåelege likevel. Den femte eliteserierunden inneheldt mange «første».

Aalesund

Sunnmørsk jubel i hovudstaden: Aalesund snudde kampen mot storfavoritt Vålerenga og vann 2–1 på Ullevaal

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Vålerenga, Odd og Mjøndalen gjekk på sine første tap, Lillestrøm, Haugesund og Aalesund vann for første gong. Og fem av seks kampar torsdag enda med bortesiger.

1. Vann for sparka trenar

Reporter: Arnfinn Fagerli, foto: Arild Sandsvik, redigering: Eirik Rasdal.

Tysdag sparka Aalesund Harald Aabrekk frå trenarjobben etter berre fire kampar som til saman hadde gitt berre eitt poeng. To dagar etterpå svara sunnmøringane med årets første siger og den første over Vålerenga på Ullevaal nokosinne . – I dag representerer vi Sunnmøre slik vi skal. Vi er trass alt Sunnmøres stoltheit, sa ein tydeleg rørt Trond Fredriksen, AaFK-trenar inntil vidare. Og han gløymde ikkje sin forgjengar. – Denne sigeren deler eg med Harald. Denne kampen var for han. VIF-trenar Kjetil Rekdal var mindre nøgd med kampen. – Om vi ikkje er betre søndag, blir vi pløgde av Lillestrøm, seier han.

Innholdet som lå her kan ikke vises.

2. To raude kort og tre poeng

Reporter: Halvor Ekeland, redigering: Jørgen Figenschou.

Bodø/Glimt ligg med sitt eine poeng framleis sist på tabellen. Det vart nytt tap torsdag, trass i at motstandaren spela siste halvdel av andre omgang med berre ni mann . Likevel makta ikkje Glimt å snu 0-2, og Haugesund kunne ta med seg tre poeng på flyet heim. – No må vi gå i oss sjølve og begynne å vakne. Dette er langt frå godt nok, tordna Bodø/Glimts Trond Olsen.

Innholdet som lå her kan ikke vises.

3. Friday-hat-trick på ein torsdag

Reporter: Halvor Ekeland, redigering: Jørgen Figenschou.

Fred Friday var mannen på Mjøndalen stadion. Heimelaget tok leiinga, men nigerianaren snudde kampen nesten på eiga hand då Lillestrøm banka mjøndalingane 4–1. Mjøndalen kom ned på jorda med eit brak etter si flotte serieopning med fire kampar utan tap. Lillestrøm brukte musklane som måtte til for å få sin første siger. Kjekt å ha i bagasjen før møtet med erkerival Vålerenga søndag.

Innholdet som lå her kan ikke vises.

4. Til topps trass straffebom

Rosenborg er på toppen av tabellen i Eliteserien etter nok en seier. Reporter: Arnfinn Fagerli.

Aleksander Søderlund bomma på straffe på stillinga 1–1. Men kva gjer det når ein likevel scorar to mål, hjelper laget til siger 3–2 og einsam tabelleiing? Start leia i over ein omgang, men bukka til slutt under for presset og duoen Mike Jensen og Aleksander Søderlund. Sistnemnde bomma på først straffe og sende deretter RBK i leiinga i løpet av eitt minutt. God siger å ha framfor storkampen mot Odd i Skien søndag.

Innholdet som lå her kan ikke vises.

5. Odd var likevel ikkje uslåelege

Høydepunkter fra kampen mellom Sarpsborg 08 og Odd i eliteseriens 5. runde.

– Spelemessig var vi klart best, men vi skaper for lite og slepper inn for lette mål, var Dag-Eilev Fagermos konklusjon etter at dei hadde gått mållause av bana i Sarpsborg og tapt 2–0. Odd var utilnærmelege i tre og ein halv serierunde, før det rakna etter pause mot Mjøndalen sist og i heile kampen i Sarpsborg i kveld.

Innholdet som lå her kan ikke vises.
Ødegaard Haaland
Foto: Vegard Grøtt / Bildbyrån

Fotball

  • Mbappé sendte Real Madrid til topps – to utvist i derbyet

    Kylian Mbappé scoret sitt 10. mål på ni seriekamper og ga Real Madrid 1-0-seier i derbyet mot Getafe. Dermed er laget tilbake på tabelltopp.

    Seieren satt langt inne. Målet kom ti minutter før full tid, da Getafe nettopp hadde pådratt seg den første av to utvisninger.

    Allan Nyom ble utvist i det 77. minutt, rett etter at han ble byttet inn. Mbappé scoret tre minutter senere.

    Alex Sancris ble deretter utvist med sitt annet gule kort, og Getafe måtte avslutte med ni mann. Likevel holdt laget på å utligne, men Thibaut Courtois berget Real Madrid med en god redning.

    Real Madrid tok sin åttende seier på ni seriekamper og et to poeng foran Barcelona før lagene møtes i sesongens første El Clásico om en uke. (NTB)

    En person som løper på et jorde
    Foto: THOMAS COEX / AFP / NTB
  • Tungt tap for Strømsgodset: Tapte 3-0 mot Fredrikstad

    Med fire poeng opp til kvalifiseringsplass var Strømsgodset i poengjakt då dei møtte Fredrikstad i Eliteserien, søndag.

    Men med 0-3-tap heime, kan det bli tøft å sikre eliteseriekontrakt.

    Etter jamspelt kamp med sjansar begge vegar, tok FFK leiinga i det 67. minutt. Oskar Øhlenschlæger sette hovudet i ballen og styrte inn 1-0.

    Like etter banka Ulrik Fredriksen 2-0 i krysset. Henrik Skogvold auka til 3-0 kort tid seinare. Bryne spelte 2-2 mot Rosenborg laurdag, og med siger over FFK ville Godset berre vore to poeng bak med fem kampar att av sesongen. I staden er avstanden fem poeng. (NRK/NTB)

    en fotballspiller som stuper etter en ball
    Foto: Trond R. Teigen / NTB
  • Feira framfor Vålerenga-fansen: "Uspiselig"

    Vålerengas Mathias Grundetjern var klar i talen då han prata med NRK etter 2-1-tapet mot HamKam, søndag.

    Ylldren Ibrahimaj skåra heimelaget sitt andre mål og jubla opp mot «Klanen».

    «Uspiselig» kallar Grundetjern det.

    I eit intervju med TV 2 før kampen, kalla Ibrahimaj også Vålerenga-fansen for «søpla».

    – Dei bua mot oss då me kom på oppvarming, på vår heimebane. At dei buar på oss, då må dei tole å få litt tilbake, seier Ibrahimaj til NRK.

    Grundetjern, som skåra Vålerenga sitt einaste mål, var ikkje fornøgd med korleis Ibrahimaj oppførte seg mot bortefansen.

    – Han er tidlegare LSK-spelar, så det seier jo sitt, seier Vålerenga-spissen.

    – Fotball er følelsar. Dei meine kva dei vil. Men når dei buar på oss på heimebane, då må dei tole å få tilbake, seier Ibrahimaj.

    en mann i hvit skjorte
    Foto: Geir Olsen / NTB
  • Innbytter berget KFUM-poeng mot KBK etter sekunder på banen

    Mame Mor Ndiaye ble løsningen da KFUM Oslo stanget lenge hjemme mot Kristiansund i Eliteserien. Han satte inn 1-1 og ordnet uavgjort i søndagens kamp.

    KFUM Oslo ligger på 7.-plass i Eliteserien med 34 poeng, mens KBK på 11.-plassen har 31.

    I neste serierunde har Kristiansund en viktig hjemmekamp mot HamKam, mens KFUM gjester Sarpsborg. (NTB)

    En gruppe fotballspillere på en bane
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • HamKam med stort steg mot forlenga eliteseriekontrakt: Slo Vålerenga 2–1

    HamKam kjempa seg inn til 2-1-siger over Vålerenga i Eliteserien. Dei tok med seg tre viktige poeng og gir klubben eit forsprang i nedrykksstriden i innspurten av sesongen.

    76 minutt var spelt da Ylldren Ibrahimaj dukka opp på bakre stolpe og nikket inn 2–1. Det sikra ein trepoengar som kan vere forskjellen på nedrykk og trygg plass ved sesongslutt.

    Med fem rundar att er det HamKam, Bryne og Strømsgodset som kjempar om den siste trygge plassen i Eliteserien. (NRK/NTB)

    En gruppe fotballspillere på en bane
    Foto: Geir Olsen / NTB
Juventus-spiller Mathilde Harviken var nær å redde på strek, men det ble dømt scoring etter en VAR-sjekk i Mesterliga-kampen mot Bayern München torsdag.
Video: Disney
Alessia Russo fikk æren av å sette inn Arsenals andre scoring mot Benfica i Mesterligaen.