Bare ein legesjekk står att før den nigerianske midtbanespelaren kan gå til eliteserieklubben. Der vil han møte Henning Berg som trena Obiefule då begge var i Lyn.
Avtalen er med på å lette Hønefoss økonomiske situajson.
– Det er ikkje nokon hemmelegheit at Obiefule blei henta inn til spel i eliteseriesesongen i fjor. Han er ein av dei best beltalte spelarane våre. Det er ei av to sider som gjer det positivt å sende han til Lillestrøm, seier dagleg leiar i Hønefoss, Rolf Magne Walstad.
– Er han for dyr for klubben?
– Ja, vi speler jo førstedivisjon i dag. Det er ei utfordring for oss, seier Walstad.
– Har god dekning i hans posisjon
Rolf Magne Walstad.
Foto: Holm, Morten / SCANPIXWalstad påpeiker også at Hønefoss har ein sterk tropp, spesielt i Obiefules midtbaneposisjon. Dette gjorde det enklare å la han gå.
– Mykje tyder også på at Lillestrøm treng ein midtbanespelar sidan dei er interessert, seier Walstad.
Walstad har ikkje lyst til å gå inn på kor mykje dei tener på å la han spele for eliteserieklubben resten av sesongen.
Om den medisinske testen går i orden og papirene er på plass, vil Obiefule vere speleklar når Lillestrøm møter Tromsø i morgon.
– Han har budd lenge i Danmark og Noreg. Han snakkar norsk, har dansk kone og to barn. Vi får med det ein integrert spelar som også er viktig no midt i sesongen, seier Torgeir Bjarmann til LSK.no.
Tilbake etter sesongen
Etter sesongen vil Obiefule returnere til Hønefoss.
– Vi har kontrakt med spelaren til ut i 2012. Han er i utgangspunktet Hønefoss-spelar att frå 1. januar.