– Rune Almenning Jarstein er den desidert beste keeperen i Norge, seier Åge Hareide.
– Ikkje noko problem å erstatte
No er han førebudd på å la landslagsspelaren bli utanlandsproff om det riktige budet kjem.
– Om nokon kjem og vil ha spelarane våre, og vi kan selge dei til utlandet, synst eg vi skal selge dei. Slik er det i Viking. Ein mann som Rune fortener å få mykje ut av karriera si, seier Hareide.
Om Jarstein forsvinn skal det ikkje vere noko problem å erstatte han, meiner trenaren.
– Vi har gode rekruttar bak han, så eg er ikkje så veldig redd for å selge og sette andrekeeper Arild Østbø i mål, seier Hareide.
Jarstein: – Ofrar null energi på det
Jarsteins agent, Lars Petter Fossdal, seier at det ikkje føreligg noko konkret tilbod, men at keeperens prestasjonar blir lagt merke til.
Sjølv tek Jarstein det heile med stor ro.
– Alle har lyst til å prøve utlandet, men eg ofrar null energi på å tenke på det no. Her er det Viking som gjeld, seier Jarstein.