I dag vart det klart at Viswanathan Anand deltek i årets kandidatturnering i Khanty-Mansijsk i Russland i mars. Det var lenge usikkert om den tidlegare verdsmeisteren i sjakk skulle vera med.
- Les også: Anand trekkjer seg truleg frå VM-kvalik
– Vanskeleg å koma til ny VM-finale
– Eg må seia eg er litt overraska. Då me såg VM-kampen i Chennai og utklassinga til Carlsen, tenkte eg at han med sin alder og det han har oppnådd ville vera nøgd, seier NRK sin sjakkekspert Torstein Bae.
For Bae er det overraskande at Anand no satsar vidare, og meiner det vil vera svært vanskeleg å koma til ein ny VM-finale.
– Eg trudde han ville innsjå at slaget om VM-tittelen er tapt.
Fall på rankinga
Anand har ifylgje Bae vore ein skugge av seg sjølv i mange år.
– Det vil vera vanskeleg å koma attende til toppnivå etter ein så lang periode med forholdsvis svake resultat.
Indaren har vore ranka som ein av verdas tre beste spelarar i åtte år på rad fram til 2008. Likevel har han i heile si karriere «berre» vore ranka som nummer éin i 15 månadar.
På den offisielle rankinglista til Det internasjonale sjakkforbundet for januar 2014, er Anand no heilt nede på 9.-plass.
Som tapande VM-finalist, er Anand kvalifisert til kandidatturneringa i mars som omfattar åtte spelarar. Vinnaren møter Magnus Carlsen når han skal forsvara VM-tittelen i november.
Carlsen møter Bill Gates
Magnus Carlsen møter for øvrig Microsoft-gründer Bill Gates når han er gjest i Skavlan fredag. Carlsen vart kåra til «Young person of the year» av den britiske avisa The Times nyleg. Gates har dei siste åra brukt mykje av formuen sin på velferd og helsearbeid.