Hopp til innhold

Landslagssjefen: – ØIF kan vinne alt

Landslagssjef Christian Berge trur at ØIF Arendal kan vinne alle kampane i eliteserien denne sesongen.

Christian Berge

Landslagssjef Christian Berge er imponert over ØIF Arendal denne sesongen.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

– Det har vore ein veldig bra sesong for ØIF. Dei kan fort gå gjennom serien utan å tape. Dei har eit veldig bra lag som verkeleg viser teikn til bra spel, seier Berge til NRK.

Allereie ved halvspelt serie toppar arendalittane suverent. Den regjerande serie- og cupmeisteren ligg fem poeng føre Haslum på andreplass.

Kan kopiere Drammen

Elverum på tredjeplass ligg åtte poeng bak etter dei elleve første kampane. Sist eit lag gjekk uovervunne gjennom eliteserien var i 2006/07-sesongen då Drammen vann alle dei 22 kampane.

– Dei klarer å halde pulsen oppe heile tida og slepp seg ikkje ned. Dei har hatt nokre mindre gode kampar der dei likevel har rodd inn sigeren. Det er eit lag som ikkje berre er i flytsona, men dei er også eit dyktig lag, seier han.

Landslagssjefen trur klubben allereie kan ha sikra sitt andre gull på like mange år.

– Det er ein veldig heit kandidat. Eg trur gullet ligg ganske langt nedi lomma. Så får vi sjå om det er nokon andre lag som klarer å fiske den ut, men det trur eg ikkje, seier han.

Berge

Christian Berge på sidelinja som Elverum-trenar mot nettopp ØIF Arendal i 2013.

Foto: Sander Heggheim / NRK

– Hadde vore ganske unikt

Per Carsten Michelsen

Sportsleg leiar i ØIF Arendal, Per Carsten Michelsen.

Foto: Leif Dalen / NRK

Men det vil ikkje sportsleg leiar Per Carsten Michelsen vere med på.

– Vi tek ein kamp av gongen. Ganske kjedeleg, men det må vi for å vere fokusert på det som er viktig, og det er å vinne kvar enkelt kamp. Om det i sum blir 22 kampar utan tap hadde det vore ganske unikt. Men det er ikkje noko vi tenkjer på. Det trur eg blir veldig vanskeleg, seier han.

Sesongen har ikkje vore feilfri trass i ein imponerande eliteseriesesong. Klubben rauk ut av cupen mot 1. divisjonslaget Follo. I tillegg vart det exit i europacupen då laget tapte mot spanske Granollers over to kampar.

– Dei møtte Spanias tredje beste lag, men eg føler ØIF burde ha vore nærare. Men dette har også med rutine å gjere. ØIF har ikkje vore i Europa så mange år. Jo fleire gonger dei får prøve seg, jo betre vil dei gjere det. Eg har tru på at dei kjem seg ut til slutt, seier Berge.

Sparka trenaren

Søndag møter ØIF Stord på bortebane. Stord har berre vunne ein eliteseriekamp så langt og sparka trenar Jesper Holm fredag kveld.

Men ØIF er utan tvil store favorittar.

– Det var vi mot Follo i cupen også. Eg håpar alle har lært og klarer å levere heilt noko anna. Vi er godt samspelt og er veldig gode for tida. Det er ein kamp vi bør vinne, seier Michelsen.

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %