Hopp til innhold

Hevdar Statnett ikkje tek fiberkabel på alvor

Høgre sine fylkesordførarar i Aust- og Vest-Agder kritiserer Statnett for ikkje å ta ein mogleg fiberkabel mellom Norge og Tyskland på alvor.

Terje Damman

Fylkesordførar i Vest-Agder Terje Damman (t.v.)

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Fylkesordførarane meiner at det må leggast fiberkabel saman med den undersjøiske straumkabelen som skal byggjast mellom Sørlandet og Tyskland.

Statnett er i gang med ei utgreiing for å finne ut om ein fiberkabel er lønsam.

I eit brev til olje- og energiminister Tord Lien skriv dei at Statnett viser manglande vilje til dialog.

Vil ha dialog

– Vi har eit ynskje om å komme i dialog med Statnett for å fortelje kva vi jobbar med og sjå på kva måte ein kan spele saman på desse tinga. Utfordringa har vore å finne eit møtepunkt, seier fylkesordførar i Vest-Agder Terje Damman til NRK.

Fleire datalagringssenter er under planlegging på Sørlandet. Ekspertane meiner at Sørlandet er godt eigna for datalagring på grunn av kaldt klima og god tilgang på kraft.

Statnett har tidlegare sagt nei til å byggje ein fiberkabel. Det var mellom anna etter påtrykk frå politikarar og IKT Norge at dei sette i gang ei utgreiing.

– Det er viktig å få ein dialog med Statnett både for å høyre deira synspunkt før rapporten er klar, og ikkje minst for å argumentere for å vise kvifor vi er så opptekne av fiberkapasiteten på Sørlandet, seier Damman.

Skisser fra Bulk Eiendom

Det er allereie lagt fram skisser for eit datalagringssenter i Vennesla. Skal det bli ein realitet må det på plass ein fiberkabel mellom Sørlandet og kontinentet.

Foto: Skisser fra Bulk Eiendom

– Forstår at dei er utålmodige

Damman argumenterer mellom anna med at det er viktig å byggje fiberkabelen samstundes med bygginga av straumkabelen. Dette for å få ned kostnadene.

Christer Gilje

Kommunikasjonssjef i Statnett Christer Gilje.

Foto: Statnett

Kommunikasjonssjef i Statnett, Christer Gilje, seier at han har forståing for frustrasjonen til fylkesordførarane .

– Eg har forståing for at aktørane er utålmodige. Men for oss er det viktig å gje ei skikkeleg vurdering i ei utgreiing. Kva vil det koste for ulike løysingar for fiberkabelen, korleis kan det finansierast og så vidare, seier han.

– Det handlar ikkje berre om pengar. Det handlar også om det er teknisk mogleg, seier Gilje.

Gilje seier at han har vore i kontakt med fylkesordførarane fredag. Han seier at Statnett vil ha eit møte, men lovar ikkje snarleg dialog.

– Når vi har utgreiinga klar vil det også vere meir naturleg og lettare å ha ein dialog om dette, seier han.

Spilles av
Her får hummeren et kyss: – Fantastisk
Neste