Hopp til innhold

Dømd for ærekrenking - ankar ikkje dommen

Alf Helgeland i Arbeidstilsynet har bestemt seg for å ikkje anke dommen mot han. Helgeland vart i januar dømd for ærekrenking mot investor Eigil Stray Spetalen i samband med bygging av ein feriestad i Risør.

Alf Helgeland (nærmest)

Alf Helgeland i Kristiansand tingrett under rettssaka som gjekk i desember i fjor.

Foto: Kai Stokkeland / NRK

Helgeland hevda at arbeidarane vart grovt utnytta og kalla det for ein slaveleir. I tingretten vart han dømd til å betale 35 000 kroner i oppreising til Spetalen.

No har han bestemt seg for å ikkje anke saka.

– Det har vore ei stor belasting personleg og eg avsluttar kapittelet her, seier Helgeland til NRK.

I 2007 dreiv Spetalen oppussing av eit gammal båtbyggeri i Risør. Investoren engasjerte ei bedrift som brukte litauarar i byggjeprosjekta sine.

Det var då Helgeland var på synfaring med Arbeidstilsynet han kalla byggjeplassen for ein slaveleir.

I retten kravde Spetalen sine advokatar 100 000 kroner i oppreising og ein beklagelse frå Helgeland.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

lekestativ

Unge topper fraværsstatistikken i barnehager

tre personer som står i en hage

Død person funnet i brannruiner

en person som sykler på en bane

Har sendt ut gult farevarsel – kan bli opp mot 80 mm nedbør

 Politistasjonsjef Anders Hareide Holt og Leder for forebyggende Anders Flottorp

Politiet åtvarar foreldre: Dette er faresignala du bør sjå etter

en person som skriver på en tavle

Aner ikke hva matten brukes til – mener det skaper matteangst

Spilles av
Her får hummeren et kyss: – Fantastisk
Neste