For 13. året blir det arrangert vikingmarknad i sognebygda. Folk i autentiske vikingdrakter skal føre eit tradisjonelt vikingliv i fem dagar. Her skal dei leve som på 800-talet.
I dag fekk ordførar Noralv Distad (H) æra av å opne marknaden.
– Eg erklære med dette den 13. vikingmarknaden for opna, sa han til stor applaus frå vikingleiren.
- LES OGSÅ:
Kjem frå heile verda
Ein av dei som står bak marknaden er ein langhåra og skjeggete mann ved namn Georg Olafr Reydarson. Han er høvdingen i leiren.
– Vi ventar 300 vikingar frå 20 land her til Gudvangen. Mange av dei har allereie kome. Dei er frå Russland, USA, Australia, Island og andre stader i Europa. No skal vi leve saman som vikingar i fem dagar, fortel han.
– Det går mykje i idrett og dikting, men det blir også litt slåsting. Vi har to store grupper frå Frankrike som er mellom dei fremste «fighterane», seier Reydarson.
(Artikkelen held fram under biletet)
OPNA I DAG: Grethe Iren Hansen. Georg Olafr Reydarsson og ordførar Noralv Distad under opninga av vikingmarknaden.
Foto: Birger Meland / NRKBogeskyting er populært
I fjor var det eit par tusen besøkjande som besøkte bodene og prøvde seg på aktivitetar som var vanlege i vikingtida. Reydarson håper mange tek turen i år også.
Noko av det som er mest populært blant dei besøkjande er bogeskyting. Vikingane var kjende for røvartoktene sine og vikingane i Gudvangen vil ikkje vere dårlegare.
Ein tilfeldig turist blir teken til fange og for å sleppe fri måte han treffe blink med pil og boge.
Høvdingen samlar styrkane sine og gir kommando om at ein av dei som besøkjer marknaden skal førast til han.
– Vi ser såpass skumle ut at eg ikkje trur han protesterer, ler han.
Klar for å gjere alt
Atle Hallangen frå Askim er den utvalde. Han er på besøk på marknaden og er interessert i vikingtida. Han har eit eige rom heime med vikingting heime.
– Dette var overraskande, men eg er klar til å gjere alt.
Hallangen får ein pil og boge. Han får instruksjonar og sender pila av garde. Første forsøk er ikkje særleg vellukka. Så prøver han ein gong til og då treff han skiva.
– Ja, der trefte han, ropar dei som står rundt.
(Videoen held fram under biletet)
SJÅ VIDEO: Atle Hallangen prøver seg på bogeskyting på vikingmarknaden. Foto: Birger Meland, NRK
Gler seg til venskap og fellesskap
Marknaden varer fram til søndag og høvding Reydarson håper det flotte vêret som er meldt til helga skal lokke mange til Gudvangen.
– Her blir det mange aktivitetar og vi har boder med handarbeid og handverk til sals. Den mest populære aktiviteten vi har her er bogeskyting, den er det mange som prøver seg på.
Høvdingen gler seg til dei fem dagane som kjem.
– Eg har store forventingar til venskap og fellesskap, konkurransar og dyst.
MAT MÅ VIKINGAR HA: Her blir det servert graut på vikingvis.
Foto: Birger Meland / NRK