Hopp til innhold

Fann søppeldynge frå romartida

LÆRDAL (NRK): Ei opp mot 2000 år gamal søppeldynge i Lærdal skal lære arkeologane meir om korleis vestlendingane levde så langt tilbake i tid.

Funn av gamal søppeldynge i Lærdal

GREV I HISTORIA: Arkeologane har spennande dagar framfor seg. På garden Nedrehegg i Lærdal har dei nemleg funne noko dei aldri før har funne på Vestlandet, nemleg ein gardsmødding, eller søppelplass, frå romartida.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Slike gardsmøddingar er nesten unike. Vi finn dei nesten aldri, så det er viktig for oss å få undersøkt dette nærare, seier arkeolog Asle Bruen Olsen ved Universitetsmuseet i Bergen.

Ein gardsmødding, som han kallar det, er ei privat søppeldynge. Her vart mellom anna matrestar og restar frå eldstaden kasta. Aldri før har ein slik søppelplass blitt funne på Vestlandet, kanskje ikkje i heile sør-Norge, ifølgje arkeologen.

Fann den heilt tilfeldig

Det var grunneigaren på garden Nedrehegg som først fatta mistanke. Han skulle flytte tre stabbur, og deretter lage til ein kum for å drenere vatn, då han oppdaga noko litt annleis.

– Då eg var begynt å grave så kom eg over eit område som hadde litt unaturleg mørk jord i mine auge. Eg gjekk ut av gravemaskina og ned i ei hole. Då lukta det kol, og eg fann mykje kolrestar rundt om, kring 1,5 meter ned i bakken, fortel Bjarne Nedrehegg.

Fann gamal søppeldynge frå romartida i Lærdal

SILAR: Osteolog (ekspert på bein) Anne Karin Hufthammer og grunneigar Bjarne Nedrehegg silar seg fram til spennande ting i jorda.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Han tok kontakt med Fylkesmannen, og sidan har prosessen gått sin gang. No er arkeologar på garden for fjerde gong for å finne forklaringa.

– Det viser seg at dette mørke laget faktisk er ein veldig, veldig gamal gardsmødding. Vi har vore her og sett på det tidlegare, og det viser seg at denne gardsmøddingen er frå romartid, knytt til ein gard som låg her då, fortel Bruen Olsen.

Kan vere 1700 år gamal

Det er slett ikkje vanleg å finne slike søppelplassar, nettopp fordi mykje av det rotnar.

Funn av gamal søppeldynge frå romartida i Lærdal

GAMAL: Denne søppeldynga kan vere så gamal som 1700 år.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Denne veka begynte gravinga. Noko har dei allereie funne, men ikkje alt har vore i like god stand.

– Det er viktig å få samla inn så mykje beinmateriale som mogleg, for det kan fortelje oss litt om kva slags jordbruk dei dreiv på med, og litt om hushaldet, kva dei åt og korleis dei parterte maten. Det er også spor etter fangst og fiske i materialet. Vi har hjortebein, og sannsynlegvis reinsdyrbein.

Bruen Olsen slår fast at søppeldynga kanskje er så gamal som 1700 år. Og sjølv om nokre kanskje tenker at det å rote i gamalt søppel verkar merkeleg, så er det ikkje slik for arkeologane.

– Når du skal finne ut noko om menneske i fortida, så får du mest informasjon med å grave i søppeldyngene til folk.

Det er staten som tek rekninga for gravinga, medan grunneigar Bjarne Nedrehegg kan vente på meir informasjon om sine forfedre.

– Ja, dette er spennande, dette!