Hopp til innhold

To førarar melde for kabotasjekøyring

To utanlandske førarar er politimelde etter at dei vart stogga ved Håbakken i Lærdal torsdag kveld.

Skilt som varslar kontroll på Håbakken i Lærdal

ARKIVFOTO: Tre utanlandske førarar blir melde etter kontrollen på Håbakken torsdag kveld.

Foto: Anna Gytri / NRK

Statens vegvesen melde i alt tre utanlandske førarar. Den eine for brot på køyre- og kviletida og for ikkje å ha stogga for kontrollen ved trafikkstasjonen ved Håbakken.

Det er uvisst om dei to som vart melde for kabotasje høyrer til same selskap, eller selskap som tidlegare er bøtelagde for liknande forhold.

– Vogntoga står framleis i Lærdal og ventar på at saka blir avgjort. Saka blir følgt opp av Lærdal lensmannskontor i dag, seier operasjonsleiar Inge Værøy til NRK.no.

To fekk gigantbot

Kabotasje er eit stort problem i Norge. Utanlandske selskap kan tilby langt lågare prisar på transport enn norske, men reglane seier at eit utanlandsk vogntog kan køyre maksimalt tre turar på ei veke når dei kjem innanfor Norges grenser.

Etter dette må bilen ut av landet. Reglane stiller også krav til at transportane innanlands skal vere av tilfeldig karakter.

I februar vart det kjent at litauiske Girteka Logistics UAB og deira samarbeidspartnar UAB Transportas fekk store bøter etter å ha blitt stogga i Lærdal og på Voss .

NB! NRK har bytta ingressbilete, då biletet som først vart nytta viste bilete av køyrety som ikkje hadde noko som helst med denne saka å gjere.