Hopp til innhold

Du kan vere med på å avgjere kven som blir Årets gründer i Sogn og Fjordane i 2013

Av til saman 35 kandidatar har juryen i Årets gründer plukka ut seks finalistar. No kan du vere med og avgjere kven av dei som til slutt kan hente tittelen og 100.000 kroner.

Gründerprisen til Highsoft Solutions

VANN I FJOR: Grethe Hjetland og Torstein Hønsi frå Highsoft Solutions i Vik tok imot prisen for 2012 på Temposeminaret i Florø i fjor. I midten Arvid Andenæs frå juryen.

Kåringa av årets gründer er eit samarbeid mellom Sparebankstiftinga i fylket, Sparebanken Sogn og Fjordane og NRK Sogn og Fjordane. Den 1. november blir det kjent kven som stikk av med sigeren.

Då vil røystene frå nettlesarane vege tungt når juryen til slutt tek den endelege avgjerda. Juryen er samansett av bedriftseigar Aud Melås frå Flåmsbrygga i Flåm, administrerande banksjef Arvid Andenæs i Sparebanekn Sogn og Fjordane og direktør Halvor Flatland i Innovasjon Norge.

Nedst i saka kan du stemme på din kandidat.

– Gledeleg gründeraktivitet

Flatland seier dei har hatt mange gode kandidatar å velje mellom.

– Det var ei god liste, fleire enn i fjor. Det er mange gode, og det viser at det er aktivitet på gründersida i Sogn og Fjordane, og det er gledeleg.

Arvid Andenæs, Aud Melås, Halvor Flatland og Pål Fidjestøl

JURYEN I ARBEID: Frå venstre arvid Andenæs, Aud Melås og Halvor Flatland. Til høgre Pål Fidjestøl i Sparebankstiftinga i Sogn og Fjordane.

Foto: Oddleif Løset / NRK

I fjor var det Highsoft Solutions i Vik som vart kåra til Årets gründer.

– Viktig med breidde

Arvid Andenæs seier det er god breidde og variasjon bransjemessig blant kandidatane, og at det var viktig for juryen å få med den breidda i valet av seks finalistar.

– Eg er gledeleg overraska over både mengda og kvaliteten, og ikkje minst breidda. Her er ikkje berre high tech, men også kandidatar frå primærnæringane og industri elles.

Aud Melås seier det ikkje er nok med berre gode idear. Bedriftene må ha vist at dei har livets rett.

– Dei må ha fått litt kjøt på beina. Dei må vise at produktet har gått i marknaden, og at dei har teke til å få inntening.

Dei tre har vurdert dei til saman 35 bedriftene det kom framlegg om, og har altså plukka ut seks finalistar. Her er finalistane:

  • Askvoll Sjømat & Delikatesser - delikatessebutikk i Askvoll.
  • Paneda DAB AS i Selje - naudinnbrytningssystem for bilradiosendingar i tunnelar
  • Digital Etikett AS i Luster - digital trykking av etiketter; Hovudmarknad næringsmiddel, helsekost og kjemisk industri.
  • Melin Medical i Gloppen - administrasjons- og betalingsløysingar til helsevesenet.
  • Rocketfarm AS i Sogndal - avanserte tekniske løysingar innan IT, Web, apps.
  • Norsk Bergsikring AS i Askvoll - driv med fjell- og rassikring med base i Stongfjorden.

Meir om desse bedriftene finn du i faktaboksen på høgre sida av artikkelen.

Kvar tysdag og torsdag framover kan du i ettermiddagssendinga til NRK Sogn og Fjordane høyre vurderinga til juryen av dei seks finalistane.

Heiderleg omtale til seks

I tillegg til dei seks finalistane får desse bedriftene heiderleg omtale:

  • Sogn Aqua - landbasert oppdrett av kveite på sørsida i Høyanger.
  • WayaWaya - studentbedrift - sosialt entreprenørskap, skinnvesker produsert av vanskelegstilte kvinner i Zambia.
  • Kinn Bryggeri i Florø.
  • Grodås Mønsterteknologi i Hornindal.
  • Intempo AS i Gloppen - pedagogisk innovasjon for barn 0-3 år.
  • Fosseheimen Naturpark i Gaular - opplevelsessenter som formidler natur, kultur og læring til barn, unge og vaksne.

Her kan du lese meir om bakgrunnen for kåringa av Årets gründer .

Du kan vere med på å avgjere

Du kan altså vere med på å avgjere kven av desse seks finalistane som til slutt skal bli Årets gründer. Du kan røyste her:

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Årets gründerpris 2013» i nytt vindu

.