Hopp til innhold

Kårar den beste ideen i Årets Gründer 2013

Har bedrifta di utviklingspotensiale? Du kan bli Årets gründer og vinne 100 000 kroner!

Pål Fidjestøl

KÅRAR GRÜNDER: Pål Fidjestøl leitar etter gründarar som allereie har gjort pengar på ideen sin. Har du bedrifta kan du vinne 100 000 kroner!

Foto: Anna Gytri / NRK

Saman med Sparebankstiftinga og Sparebanken Sogn og Fjordane skal NRK Sogn og Fjordane dele ut «Årets gründerpris 2013» under Temposeminaret i Florø.

Kjempesuksess i fjor

– Vi gjentek suksessen frå i fjor med gründerprisen. Vi hadde over 40 påmelde. Vi hadde vanvittig mykje oppmerksomheit rundt bedrifta Highstoft Solutions som vann i fjor, og fekk ein sjekk på 100.000 kroner og vart dratt fram på Temposeminaret i fjor. Dei var veldig fornøgde med heideren og anerkjenninga dei fekk, seier Pål Fidjestøl, kultursjef i Sparebankstiftinga .

Årets gründer 2012 Highsoft Solutions

FJORÅRETS VINNAR: Highsoft Solutions vart Årets gründer 2012.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

No er kultursjefen på jakt etter gode kandidatar til prisen. Ein vinnar vil få 100.000 kroner som startkapital til nyskapinga si.

Må ha gjort pengar på bedrifta

– Vi leitar etter dei gründarane eller nytenkarane som allereie har bedriftsideen sin, og har fått inn litt pengar på ideen sin. Men bedrifta treng ikkje nøgdvendigvis gå i pluss. Vi ser etter folk som ikkje berre har site i sofaen og tenkt ut nokre gode idear, du må ha tatt eit tak og fått inn litt pengar alt, seier Pål Fidjestøl i Sparebankstiftinga.

Juryen består av Halvor Flatland frå Innovasjon Norge, Aud Melås i Flåmsbrygga AS og Arvid Andenæs i Sparebanken Sogn og Fjordane. Dei skal plukke ut fem-seks kandidatar til ein finale. Desse vil bli presenterte på NRK.no og i radiosendingane til NRK Sogn og Fjordane. Til slutt skal publikum stemme fram den beste ideen.

– I fjor var det så mange gode idear at det var vanskeleg å plukke ut den beste ideen, for det var tett i teten. Det var utruleg mykje høgare nivå enn vi hadde trudd, seier Fidjestøl.

Kriterium for juryvurderingane

Vinnaren blir kåra ved hjelp av publikum sine røyster i ei avstemming på NRK.no og ei fagleg vurdering frå juryen.

Kriterium for å delta i konkurransen:

  • Prosjektet skal vere utvikla av personar frå Sogn og Fjordane og/eller heile eller delvis i fylket.
  • Prosjektet skal ta utgangspunkt i ein konkret teneste- eller produktidé som er komme så langt i si utvikling at kommersialisering er komme i gang.
  • Prosjektet må vere berekraftig utan negative følgjer for miljøet.
  • Prosjektet si evne og vilje til å skape aktivitet, omsetnad og arbeidsplassar må ha potensial til å slå positivt ut.

Er du i gang med eit gründerprosjekt, sender du ein e-post til grunder@nrk.no. Skriv nokre linjer der du skisserer ideen og prosjektet, og du blir med i kampen om ein finaleplass og moglegheita til å vinne 100.000 kroner.

Fristen for å sende inn forslag til kandidatar er sett til 1.oktober. Årets gründerpris 2013 blir delt ut 1. november under Temposeminaret i Florø.