Hopp til innhold

Sogndal vart berga av Vålerenga og Viking

Sogndal greidde ikkje oppgåva sjølv, men Vålerenga og Viking slo laga som kunne ha skubba Sogndal ned på kvalikplass.

Sogndal-Aalesund
Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Ein kjempetabbe av keeper Erik Dahlin og eit mål på corner i andre omgang gjorde at det stod 0-2 på Fosshaugane heilt fram til Ulrik Flo fekk sitt andre seriemål for sesongen.

Sogndal-målmannen fomla ein corner han tilsynelatande hadde full kontroll på over streken i det 26. minutt. Cornerleggar Jo Nymo Matland vart kreditert målet.

Etter 70 minutt stod det 0-2 etter at Leke James heada inn ein corner.

Ulrik Flo reduserte til 1-2 for Sogndal i det 86. minutt. Det vart sluttresultatet.

Møtet med Aalesund i kveld ville avgjere om Sogndal mått ut i kvalifisering for å få spele i eliteserien også neste sesong.


Med tap kunne det fort bli kvalifiseringskampar. Men Vålerenga vann over Sandnes Ulf, og Viking slo Sarpsborg 08. Dermed vart Sogndal ståande på12. plass, og er sikra eliteseriespel også i 2014.

Kamputviklinga finn du her : Sogndal - aalesund frå klokka 18

Gustav Valsvik og Sidny Sagna

DUELL: Gustav Valsvik i duell med målscorar Leke James. Til høgre Sidny Sagna.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Lagoppstillinga:

Erik Dahlin - Bjørn Inge Utvik, Azar Karadas, Gustav Valsvik, Taijo Teniste - Malick Mane, Ruben Holsæter, Sidy Sagna, Eirik Skaasheim - Mahatma Otoo, Ulrik Flo

Benken:
Leif Lysne, Mathias Dyngeland, Espen Næss Lund, Kristoffer Nesse Stephensen, Tonny Brochmann, Martin Trøen, Gilbert Koomson