Hopp til innhold

Slik piffa han opp slitne motbakkebein

LOEN (NRK): – Det går i glade låtar, gode marsjlåtar, seier Johan Olai Svidal. Då NRK passerte spellemannen på veg ned att, hadde han traktert trekkspelet i tre timar.

Spellemann Johan Olai Svidal underhaldt slitne motbakkeløparar i timevis med trekkspelmusikk.

MOTIVATOR: Johan Olai Svidal brukar trekkspelet til å motivere slitne deltakarar på veg ned frå Skåla. Spelemannen dukkar opp eitt minutt og fem sekund ut i videoen.

Spelemann Johan Olai Svidal
Foto: Silje Kristin Guddal / NRK

Svidal hadde plassert seg midt i skogen nokre hundre meter over startområdet. Målet var å gje ein siste piff til deltakarane på Skåla Opp, som hadde fleire tusen høgdemeter i beina i det dei passerte.

– Folk ser ut til å like det, dei klappar og dansar seg forbi, seier Svidal.

Sjølv er han eit levande prov på at du ikkje treng å vere sporty for å demonstrere godt uthald.

– Kvifor har du stått her så lenge?

– Det er god øving til Oktoberfesten dette, seier han.