Hopp til innhold

Sjuk Bø står over NM - Flatland ventar

Skiskyttaren Tarjei Bø står over helgas NM i rulleskiskyting i Holmenkollen.

Tarjei Bø

SJUK: På grunn av sjukdom står verdscupvinnaren frå 2011, Tarjei Bø, over helgas NM i rulleskiskyting.

Foto: Biathlon Ufa 2009

Både Bø, Emil Hegle Svendsen og Rune Brattsveen står over meisterskapen i VM-anlegget for 2016 på grunn av sjukdom.

– Eg er framleis i lett trening, men kroppen lystrar ikkje heilt i høve til å gjennomføre hardtrening. Då blir det sjølvsagt dumt å stille til start i tøffe NM-konkurransar denne helga, seier Tarjei Bø.

Sjukdom

Johannes Thingnes Bø

STILLER: Johannes Thingnes Bø.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Stryningen fekk førre sesong spolert av sjukdom . Heilt sidan romjula gjekk Bø sjuk, og han klarte til slutt ikkje å forsvare samanlagdsigeren frå sesongen i førevegen. Tidlegare i haust frykta han å vere råka av Twar-viruset .

No får han altså ein sjukdomsprega start på kommande sesong.

– Eg får diverre ikkje blitt med i denne meisterskapen, seier han.

Flatland ventar

Ann-Kristin Flatland.

VENTAR: Ann-Kristin Aafedt Flatland.

Foto: Heidi Lise Bakke

Ann Kristin Flatland, som stod over førre sesong på grunn av fødsel, er i god trening. Ho vurderer det likevel som litt tidleg med noko meisterskapscomeback.

Johannes Thingnes Bø, Ole Einar Bjørndalen, Tora Berger og Synnøve Solemdal er derimot mellom skiskyttarprofilane som stiller på startstreken i Holmenkollen enn helga.

Meisterskapen startar med sprint laurdag og jaktstart søndag for både juniorar og seniorar.