Hopp til innhold

Ny helikopterbase kan bli utsett

Strenge krav til støyisolering rundt den planlagde helikopterbasen ved sentralsjukehuset i Førde gjer at bygginga av basen no kan bli utsett.

Helikopterlandingsplassen ved Førde sentralsjukehus

MELLOMBELS: Landingsplassen for helikopter ved Førde sentralsjukehus har vore ei mellombels løysing i 10 år ifølgje Helse Førde. No kan bygginga av ein ny landingsplass med nytt baseanlegg bli utsett.

Foto: Steinar Lote / NRK

Helse Førde har planar om å byggje ny landingsplass for helikopter ved sjukehuset i Førde. Men Førde kommune vil berre godta eit visst støynivå, og krev at nødvendige støydempande tiltak blir gjennomført.

Basen skal etter planen stå ferdig i 2014, men dersom desse støykrava gjer at prislappen skyt i vêret, kan det bli utsett.

– Viss kostnadene med bygget og tilleggskostnader i forhold til avbøtande tiltak for støy blir høgare enn kostnadsramma, så kan prosjektet bli utsett, seier Oddbjørn Schei som er seniorrådgjevar i Helse Førde.

Etablering av ny luftambulansebase ved Førde sentralsjukehus er for Helse Førde ei betydeleg økonomisk investering i ein allereie anstrengt økonomi. Dersom Helse Førde blir pålagd omfattande
kostnader ved støyisolering, eller andre avbøtande tiltak, kan dette få den konsekvens at etablering av den nye basen vert utsett.

Helse Førde i brev til Luftfartstilsynet

Kommunen stiller krav om støyisolering

Den eksisterande helikopterlandingsbasen ved sjukehuset i Førde tilfredsstiller ikkje dagens krav, og ein ny base til 119 millionar kroner er under planlegging. Helse Førde seier ein ny landingsplass og baseanlegg vil gje betydeleg betra kvalitet i helsetilbodet.

Den eksisterande helikopterbasen har vore ei mellombels løysing i ti år. Flyttinga av basen vil føre til at enkelte husstandar får mindre støy, men andre får meir leven frå helikoptera.

Førde kommune har rådd til at Helse Førde får konsesjon til å byggje basen, men krev at støynivået blir kartlagt.

– Det vi har gjort i denne saka er at vi følgjer regelverket. Det står i retningslinjene at område som i ei støyvurdering viser gul støysone, dei områda skal kartleggjast og nødvendige tiltak skal gjennomførast, seier plan- og byggjesjef i kommunen, Odd Harry Strømsli, til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Førde Sentralsjukehus

NY BASE: Den nye basen er planlagd nærare sentrum, altså mot venstre i biletet.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

– Strengare behandling

Det er Luftfartstilsynet som skal avgjere saka. Dei opplyser til NRK.no at saka ikkje er ferdigbehandla.

Får Førde kommune gjennomslag for krava sine vil det føre til at Helse Førde blir strengare behandla enn til dømes Haukeland sjukehus, meiner Schei i Helse Førde.

I eit brev Helse Førde har sendt til Luftfartstilsynet viser dei til at det i konsesjonen til helikopterplass ved sjukehuset i Bergen ikkje blir stilt tilsvarande krav om kartlegging og iverksetjing av tiltak for å oppnå tilfredsstillande støynivå inne og ute.

– Unaturleg og vanskeleg å forstå

Helseføretaket meiner at dersom dei blir pålagd strengare konsesjonsvilkår enn kollegaene i Helse Bergen vil det bli oppfatta som ulik handsaming.

– Då vil det bli strengare å drive luftambulanse i Førde enn i Bergen, og det synst vi vil vere unaturleg og litt vanskeleg å forstår, seier Schei.

Luftambulanseteneste har blitt ein viktig og nødvendig del av det akuttmedisinske tilbodet norske helseføretak har ansvar for å tilby innbyggarane. Ei moderne luftambulanseteneste krev helikopterlandingsplassar i umiddelbar nærleik til dei aktuelle sjukehus.

Helse Førde i brev til Luftfartstilsynet