Teaterskipet "MS Innvik" - TIL SPIKAR: MS Innvik har segla sin siste tur og blir no til spikar. - Foto: Privat /

TIL SPIKAR: MS Innvik har segla sin siste tur og blir no til spikar.

Foto: Privat

No blir «MS Innvik» til spikar

I snart fem månader har Rune Borknes og kona halde motet oppe, men no er alt håp ute. Teaterskipet «MS Innvik» har vore på si siste reise og blir snart til spikar.

– Det har vore ei tung avgjerd. Men no har det svinga lenge rundt kva som skulle skje, så når det først kom til ei avgjerd, så var det ei lette, sjølv om den var tung, seier Rune Borknes til NRK.no.

Lang historie

«MS Innvik» vart først brukt som bilferje, men er kanskje mest kjent for sine mange år som teaterbåt langs kysten av Vestlandet.

I 1982 vart båten bygd om til dette formålet, og reiste rundt i fjordbygdene i dei tre vestlandsfylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Rogaland. Med dette vart det den første teaterbåten i Norge.

I 2001 vart den kjøpt av Nordic Black Theatre i Oslo, der den vart brukt som kombinert teaterbåt, serveringsstad og overnattingshotell fram til sommaren 2010.

Sidan sommaren 2010 er det Rune Borknes som saman med kona Eldrid Lorentzen Forsland har stått som eigarar av det staselege skipet.

Dei har hatt skipet liggande til kai ved Svestad brygge på Nesodden, der båten har fungert som ein kombinasjon av kulturscene, overnattingsstad og arrangementslokale.

(Artikkelen held fram under)

Teaterskipet "MS Innvik" - POPULÆR: Tallause førestillinga har blitt sett opp i teaterbåten MS Innvik. - Foto: Privat /

POPULÆR: Tallause førestillinga har blitt sett opp i teaterbåten MS Innvik.

Foto: Privat

Måtte gje tapt for naturkreftene

Men den staselege båten fekk seg bokstavleg talt ein brå og brutal knekk i desember i fjor.

I eit fæla uvêr byrja «MS Innvik» å ta inn vatn, og berre iherdig innsats frå redningsmannskapa berga båten frå å søkke fullstendig.

(Artikkelen held fram under biletet)

Båt har problemer på Nesodden - TOK INN VATN: I starten av desember i fjor byrja MS Innvik å ta inn vatn, men takka vere iherdig innsats gjekk den ikkje ned. - Foto: Erik Engen / NRK

TOK INN VATN: I starten av desember i fjor byrja MS Innvik å ta inn vatn, men takka vere iherdig innsats gjekk den ikkje ned.

Foto: Erik Engen / NRK

Håpte andre ville ta over

Berre dagar etterpå vart skipet heva, og dykkarar reparerte skadane i skroget. Rune Borknes og kona la båten ut for sal på Finn.no, og håpa andre ville ta på seg oppgåve med å setje den i stand att.

– Vi trur det må noko meir til enn eit ektepar med mykje entusiasme og ein viss tilgang på pengar, sa Borknes om Finn-annonsen i desember.

Sjølv har han og kona fått eit nært forhold til båten dei åra dei har hatt den i eige.

– Vi har så utruleg mange gode minner frå båten. Vi hadde vårt eige bryllaup på båten i sommar, og har mange kjensler for skipet. Vi ønskjer veldig gjerne at nokon tek vare på båten vidare, fortalde Borknes til NRK.no i desember.

Hadde kosta 20 millionar

Men slik har det ikkje gått. Borknes har i det lengste håpa at båten ikkje skulle bli sendt til opphogging, men no er siste utveg blitt den einaste utvegen.

– Det vart konstatert altfor store skader på både skroget, på maskina og det elektriske, seier han.

– Det hadde blitt eit håplaust økonomisk prosjekt å setje skipet i stand att.

Borknes seier det hadde kosta mellom 15 og 20 millionar kroner å få gjort dette på ein profesjonell måte. Summar som er langt over det ekteparet kunne ta på seg.

Blir snart til spikar

Dei to har også samarbeidd med ei svensk stifting som ville vurdere om dei kunne gjere ein innsats for å setje båten i stand att.

– Men også dei fann ut at det vart ein for tung jobb å setje båten i stand att, seier Borknes.

Kort tid etter havariet vart båten send til Göteborg, og for vel tre veker sidan vart den send på si siste reise over til Frederikshavn. Der ligg den no til kai ved Jatob, eit skipshoggeri som tek av båtar og skip i alle storleikar. Her går alt som er mogleg til attvinning, medan det resterande materialet blir kjeldesortert.

Heine Thomassen ved Jatob stadfestar overfor NRK.no at båten no ligg hos dei, men seier det førebels er uvisst når dei startar opphoggingsarbeidet.

Fleire nyhende

Elektrikarar er blitt mangelvare. Berre dei neste åra vil det mangle opp mot 200 elektrikarar i Hordaland og Sogn og Fjordane.
Den tørre, fine hausten har ført til fantastiske forhold for å jakte på nordlys også her på Vestlandet.
Men nordlyset er uforutsigbart, og du må vera ivrig viss du vil fange og forevige det.
Landbruket står for 10 prosent av klima-utsleppa i Norge. No skal forskarar finne ut korleis bøndene kan få best mogleg avlingar, samstundes som ein reduserer utsleppa til miljøet.

Kvar er dette?

Kvar er dette - Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Veit du kvar dette er? Du kan vinne Flax-lodd

Høyr sendingane våre

Gro Ravnestad - Foto: Arne Stubhaug / NRK
Foto: Arne Stubhaug / NRK

Høyr alt vi sender - direkte og i opptak

Vestlandsrevyen

Vestlandsrevyen - Foto: Marit Hommedal / Scanpix
Foto: Marit Hommedal / Scanpix

Sjå Vestlandsrevyen her