Hopp til innhold

Lærdal ber kommunalministeren om ekstra midlar

Lærdal og ordførar Jan Geir Solheim (Sp) ynskjer å starte eit gjenreisingsprosjekt etter storbrannen. No ber kommunen statsråd Jan Tore Sanner (H) om hjelp.

Jan Geir Solheim

BER OM HJELP: Jan Geir Solheim (Sp) møter i neste veke både fylkesmannen og kommunalministeren med tanke på attreisinga av Lærdal.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Kripos har avslutta sine undersøkingar i Lærdal , men årsaka til storbrannen i kommunen er framleis eit mysterium.

For å vere betre rusta til utfordringane som har følgd av katastrofen, skal ordførar Jan Geir Solheim møte kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner og fylkesmannen i neste veke.

Her vil Solheim be om midlar til kommunen sitt gjenreisingsprosjekt, som etter planen skal få ei eiga prosjektleiing.

– Vi har mange kommunetilsette som er direkte berørt av det som har skjedd. Manglande infrastruktur påverkar teknisk drift, småbarnsfamiliar er framleis utan ein heim og eldre med heimeteneste er flytta til alders- og sjukeheim. Alt i alt påfører dette kommunen store utgifter. Eg håpar vi kan få i gang ein god dialog, seier Solheim til NTB.

Han veit førebels ikkje kor mykje midlar som er naudsynt for å gjennomføre prosjektet. I kommuneadministrasjonen er det berre ordføraren som er tilsett i ei 100 prosents stilling. Varaordføraren jobbar 10 prosent.