Hopp til innhold

Her står heile campingplassen under vatn

I Gloppen har flaumen sett heile Reed camping under vatn.

Breimsvatnet har svært høg vasstand. Reed Camping og Fritid står onsdag under vatn.

UNDER VATN: Breimsvatnet har svært høg vasstand. Vatnet har innteke heile Reed camping. (Foto: Runar Sandnes)

– Eg er 75 år men eg har aldri sett makan, seier Inge Johnsen som eig campingplassen.

Som bileta viser står heile området under vatn, deriblant nokre hytter og 40-50 campingvogner.

Johnsen har følgt dei dramatiske bileta frå flaumen i Dagsrevyen og avisene frå Alicante i Spania, der han oppheld seg heile hausten og vinteren.

– Eg trur det berre blir verre og verre for kvart år dette ekstremvêret, seier Johnsen.

For han har opplevd høg vasstand før. Seinast i 2011.

– Men dette er noko heilt uvanleg, seier Johnsen.

Han har snakka med kommunen og forsikringsselskapet. Etter kvart vil dei gå i gong med oppryddingsarbeidet.

– Men det er ikkje så mykje vi får gjort før vatnet går tilbake, seier Reed som har fått vite at vatnet skal ha gått tilbake 15 centimeter i løpet av dagen i dag.

Flaum - Reed Camping

HØG VASSTAND: Både hyttene og fleire bilar står under vatn.

Foto: Runar Sandnes
Flaum - Reed Camping

UNDER VATN: Heile campingplassen står under vatn og det er store materielle skader.

Foto: Runar Sandnes
Flaum - Reed Camping

VÊRHANE: Den karakteristiske vêrhanen stikk så vidt over vassflata.

Foto: Runar Sandnes