Hopp til innhold

Ektepar får likevel ikkje overta bygningane på Harastølen

Ekteparet frå Lofoten ville overta bygningsmassen på Harastølen i Luster. Men i går sette eigarselskapet Tinfos foten ned. Det blir ingen avtale.

Harastølen

SEIER NEI: Tinfos har gått vekk frå intensjonsavtalen om å selgje bygningsmassen på Harastølen for ei krone.

Foto: Johan Moen / NRK

Ekteparet Barbro og Morten Solem selde huset i Lofoten og flytta til Gaupne i Luster i den tru at dei hadde ein fastspikra avtale med Tinfos om å overta Harastølen.

Men Tinfos kravde dokumentasjon på at planane om eit helsesenter i det gamle sanatoriet kunne late seg gjennomføre. Fristen for å leggje fram dette var torsdag denne veka.

Har avslutta avtale-arbeidet

– Vi har, som vi har sagt lenge, etterspurt dokumentasjon og vi har sett ein frist til å få denne dokumentasjonen. Når vi ikkje har fått denne dokumentasjonen innan fristen, så har vi varsla at då reknar vi forsøka på å inngå ein avtale som avslutta. Det er ei avgjersle vi har teke på eiga hand, men i samråd med Luster kommune, seier direktør i Tinfos, Tor Syverud.

– Det vil i praksis seie at ekteparet ikkje får overta Harastølen slik dei hadde tenkt?

– Det kan vel seiast slik, ja.

Tek fram att rivingsplanane

Syverud sler fast at dei per dags dato ikkje har nokon plan B for kva som no vil skje med den enorme bygningsmassen i fjellsida over Lustrafjorden.

– Vi har ingen plan B no. Vi har ein avtale med kommunen om riving, og slik vi ser det vil vel dei planane takast opp att frå skuffa og bearbeidast vidare, seier Syverud.

Han peikar på at det aldri har vore noko tevling om kven som skal redde Harastølen, men at det det har vore ei tevling om å syne fram eit prosjekt som både Tinfos og kommunen har tilstrekkeleg tru på.

– Ikkje nok dokumentasjon

– Vi ser at det ikkje er nok dokumentasjon til at den avtalen vi hadde tenkt å inngå lar seg gjennomføre, og då kjem vi til å la vere å inngå den avtalen, slik det ser ut no, seier Syverud.

– Korleis har ekteparet reagert på den avgjersla Tinfos har teke?

– Det veit vi ikkje heilt, men det er jo brukt uttrykk som at dei ikkje ønskjer å gje seg heilt med dette her.

NRK har i ettermiddag gjort fleire forsøk på å få ein kommentar frå Barbro Solem og Morten Solem, førebels utan å lukkast.