Hopp til innhold

Elevane er i landstoppen

Resultata frå eksamen i grunnskulen våren 2009 er oppløftande lesnad for skuleelevane i Sogn og Fjordane. Målt mot andre elevar i landet gjer dei det nemleg svært så godt.

Grunnskuleelevar i Sogn og Fjordane står på ingen måte tilbake for jamaldringane sine elles i Norge - resultata frå eksamen i grunnskulen våren 2009 viser tvert om det stikk motsette:

Elevane i Sogn og Fjordane held seg heilt i toppen både i engelsk, matematikk og norsk.

Dette er nøkkeltala

Det er fylkemannen som offentleggjer dei positive tala for ungdomen i Sogn og Fjordane.

Dette er nøkketala sett med elevane sine auge:

  • I sidemål er elevane heilt i toppen med eit snitt på 3,7 i karakterar. Det nasjonale gjennomsnittet er til samanlikning på 3,3.
  • I norsk hovudmål har elevane eit snitt på 3,5, og dei deler her førsteplassen med elevane i Møre og Romsdal, Oslo og Sør-Trøndelag.
  • I matematikk er snittet på 3,6 - også det held til delt førsteplass med Akershus og Oslo.
  • I engelsk er snittet 3,7, medan landssnittet er på 3,8.
  • Når det gjeld gjennomsnittet av alle avsluttande karakterar, ligg elevane i Sogn og Fjordane på ein delt andreplass med Oslo.

- Positivt læringsmiljø

- Resultatet viser at vi held oss i landstoppen når det gjeld læringsutbytte målt i karakterar. Dersom vi også ser på kvaliteten i læringsmiljøet målt gjennom elevundersøkinga, så ser vi at elevane i vårt fylke ligg på topp også her i vurderinga av trivsel, elevmedverknad, fagleg rettleiing og fysisk miljø, heiter det i oppsummeringa på nettsidene til fylkesmannen.

Sogn og Fjordane er også best i klassen når det gjeld mobbing i grunnskulen.