Hopp til innhold

SMS-noveller skal få fleire unge til å lesa

Krimnoveller på SMS og interaktive barnebøker er nokre av tilboda som skal få fleire unge til å lesa. Denne veka blir dei nye trendane diskutert på ein nordisk barnebokkonferanse i Stavanger.

SMS-novelle

SMS-NOVELLE: Ville du lest ei novelle om du fekk den i SMS-form?

Foto: Anett Johansen Espeland / NRK

Hjelp! Er der noen som kan hjelpe meg? Åh gud, HJELP!

Denne tekstmeldinga tikka inn på NRK-reporteren sin mobil då ho prøvde den nye forma for å lesa litteratur: SMS-novelle.

– Litteratur i ein travel kvardag

SMS-novelle

SMS-NOVELLE: Slik ser første del av novella ut.

Foto: Skjermdump

Det er den danske forfattaren Kenneth Bøgh Andersen som har skrive novella spesielt for å lesast som tekstmelding.

– «SMS fra Helvete» er tolv tekstmeldingar fordelt på to dagar. Historia handlar om ein som har hamna i Helvete, men så får han tak i ein mobiltelefon og skriv om sine opplevingar, seier Bøgh Andersen.

Kenneth Bøgh Andersen

SMS-FORFATTAR: Kenneth Bøgh Andersen

Foto: Anett Johansen Espeland / NRK

Det blir no eksperimentert med nye digitale format. I Danmark har forlaget SMS Press gjeve ut om lag hundre SMS-noveller, for ungdom og vaksne. No står Noreg og Sverige for tur, fortel redaktør Kim Baasch.

– Det er ikkje små noveller som er klypt opp i bitar, men litteratur som er skrive for mobiltelefon. Me gjer det ikkje fordi me vil at folk skal lesa SMS-noveller i staden for bøker, men fordi me vil få fleire til å lesa. I ein travel kvardag kan dei få lest litt litteratur på mobilen, seier han.

Eit par timar etter den første meldinga, dukka neste kapittel opp:

Nei! Nei, jeg tar det tilbake. Jeg er fanget et sted hvor ingen kan hjelpe meg...»

Interaktive bøker

Kim Baasch

REDAKTØR: Kim Baasch

Foto: Anett Johansen Espeland / NRK

Forfattar Endre Lund Eriksen har skrive bokspelet «Jakten på Teddy», ei digital forteljing med animasjon, tekst og kommentar. Det er utvikla i samarbeid med spelselskapet Plus Point, men er altså likevel ei bok, seier Lund Eriksen:

– Me kallar det ei interaktiv bok, der du som lesar er med på å gjera nokre val som har betydning for kva som skjer i historia.

Endre Lund Eriksen

BARNEBOKFORFATTAR: Endre Lund Eriksen.

Foto: Anett Johansen Espeland / NRK

– Kva er det som gjer at det er ei bok, og ikkje berre eit spel?

– Det er ei historie som har eit klart narrativ og eit språk i forteljinga som prøvar å vera litterært, seier Eriksen.

Det kostar mindre å lasta ned dette bokspelet enn å kjøpa ei papirbok, men det er likevel dyrt samanlikna med alle kommersielle gratis-appane som finst.

Marie L. Kleve

BOKMELDAR: Marie L. Kleve i Dagbladet

Foto: Anett Johansen Espeland / NRK

– Barnebokappane forsvinn veldig fort blant dei andre appane i appstore. Brukar ein mykje pengar på ein barnebokapp, så kan det bli vanskeleg å tena inn att. Ein må finna ein måte å få det til å gå rundt økonomisk på, seier barnebokmeldar i Dagbladet, Marie L. Kleve.