Hopp til innhold

Kjenner du att denne 17. mai-jenta?

Sjå 17. mai-innslaget frå 1994 – Her blir den framtidige skodespelaren tilfeldigvis intervjua i 17. mai toget i Stavanger.

Sjå 17. mai-innslaget frå 1994 – Her blir den framtidige skodespelaren tilfeldigvis intervjua i 17. mai toget i Stavanger.

►ROGALAND RETRO: Innslaget gjekk på NRK 17. mai 1994.

Mareike Bechtel Wang

I dag jobbar Mareike Bechtel Wang som skodespelar ved Rogaland Teater.

Foto: Rogaland Teater

I denne utgåva av Rogaland retro har me leita fram 17. mai-feiringa i 1994. Det blei sendt direkte frå Stavanger, med historiske innslag.

Toril Våland intervjuar 11 år gamle Mareike Bechtel Wang i toget. Jenta fortel at ho skal på teateret etter toget for å sjå Ronja Røverdatter.

Blei skodespelar

I dag jobbar Mareike som skodespelar på teateret og har mellom anna fått god kritikk for monologen Last Call.

– Eg hugsar veldig godt at eg blei intervjua av NRK denne dagen, det var veldig koseleg, fortel Mareike og ler, 19 år seinare.

Ho kan fortelja at ho for tida spelte hovudrolla i barneteateret Markus Trost, og at det derfor var ekstra stas å sjå dei vaksne skodespelarane.

– Det var ein kjekk 17. mai, med tog, teater og masse is, avsluttar ho.

Send inn tips

«Rogaland Retro» er ein serie der NRK Rogaland kvar fredag legg ut TV-klipp frå arkivet på nettsidene våre.

Har du tips til innslag du vil sjå i reprise; send e-post til NRK Rogaland.

Rogaland retro

Kvar fredag legg NRK Rogaland ut eit arkivklipp i serien Rogaland retro.

Foto: Mathias Oppedal / NRK