Den 38 år gamle Kjell Alrich Schumann vart pågripen i Oslo tysdag ettermiddag, og vart frakta med fly til Sola klokka 22.20.
David A. Toska (f.v.), Jusuf Hani og Ridvan Halimi er fortsatt etterlyst.
Politiinspektør Bjørn Andersen seier dei gjorde det rette då dei offentleggjorde bileta av dei fire ranssikta mennene.
Schumann vart arrestert på open gate i Oslo, og pågripinga skjedde utan dramatikk. Likevel var det truleg ikkje offentleggjeringa av bileta av dei fire ranssikta mennene som førte til at Schumann vart arrestert.
Schumann, som også blir kalla "Skyggen", blir framstilt for varetektsfengsling i Stavanger torsdag.