Hopp til innhold

Demonstrerte med kumjølk

Innbyggarane i Bjerkreim godtar ikkje vedtaket om å legga ned det lokale tannlegetilbodet. Tysdag fekk styret i Tannhelse Rogaland levert ei mugge med kumjølk i protest.

Tannlege-protest.

VIDEO: Her får styret i Tannhelse Rogaland levert ei mugge med kumjølk i protest mot vedtaket om å legga ned det lokale tannlegetilbodet i Bjerkreim. Foto: Kees André Z. Fjellvang.

Kumjølka, som er den ubehandla mjølka frå kua, skulle symbolisera at bjerkreimsbuen er fostra opp på ekte mjølk og at dei har eit godt grunnlag for god tannhelse.

Men framover blir det vanskelegare for folk i Bjerkreim å ta vare på tennene sine. I alle fall blir det lengre reiseveg til nærmaste tannlegekontor.

I vår vedtok nemleg styret i Tannhelse Rogaland å legga ned det lokale tannlegetilbodet på Vikeså, og i løpet av ein fireårsperiode må innbyggarane i Bjerkreim til Ålgård for å få tannlegebehandling.

Nesten 400 underskrifter

Bente Gro Milwertz Slettebø

Aksjonsleiar Bente Gro Milwertz Slettebø leverte 386 underskrifter til styreleiaren i Tannhelse Rogaland.

Foto: Magnus Stokka

Dette godtek ikkje bjerkreimsbuen, og i dag blei det levert knappe 400 underskrifter til styret i Tannhelse Rogaland.

– Me er forundra over vedtaket i april. Stort sett heile Bjerkreim si befolkning blir råka av dette, og me visste ingenting, seier aksjonsleiar Bente Gro Milwertz Slettebø.

Sjølv har Milwertz Slettebø fire ungar som skal til skuletannlege. Dei må om få år heilt frå Bjerkreim til Ålgård for å sjekka tennene sine.

– Sjølve reisa tar ein time per veg, så her er det snakk om mange timar tapt arbeidstid for dei vaksne og tapt undervisningstid for ungane.

Lovar svar

Lisbeth Vikse er styreleiar i Tannhelse Rogaland. Ho seier det er sjansar for at saka blir tatt opp på ny.

– Eg synst det alltid er positivt med engasjement og det viktig for oss å lytta. Men denne tannhelseplanen har me gått gjennom og den råkar mange kommunar. I Bjerkreim er det vanskeleg å rekruttera folk og det er vanskeleg å få eit godt og stabilt tilbod til befolkninga, seier ho.

– Kva må til for at saka skal bli tatt opp på ny?

– Saka blir tatt opp dersom det er ein viss prosentdel underskrifter og at den er innføre regelverket til fylkeskommunen. Dette ser ut til å vera innfridd, så innbyggarane skal få eit svar, lovar styreleiaren.

Dette svaret er bjerkreimsbuen tilfredse med.

– Eg føler at døra er på gløtt. Dette vedtaket er det håp om å snu, slik at våre to lokale tannlegar kan halda fram med den gode jobben dei gjer, seier aksjonsleiar Milwertz Slettebø.