Betew kom med flyet frå Asmare i Eritrea då han vart stoppa av tysk politi.
Stavangerpolitiet sikta Betew og etterlyste han offentleg med namn og bilete både nasjonalt og internasjonalt i går ettermiddag.
Betew er tidlegare dømt for ransforsøk saman med ein av dei andre etterlyste, den 25 år gamle Ridvan Halimi. Han var sett fri på prøve etter å ha sona to år av ein dom på seks år.
Stavangerpolitiet vil i morgon be om utlevering av Betew. Erfaringar frå tidlegare viser at det går greit å få utlevert norske statsborgarar, seier politiinspektør Ernst Rossebø. Betew er norsk statsborgar og busett i Oslo.