Hopp til innhold

Ingrid Vetlesen og Yngve Søberg

Ingrid skulle på opptaksprøve til Operaakademiet i København, ho fekk bu hos ein mann ho ikkje kjente, eit par veker seinare reiste denne mannen til Stavanger på friarferd, på laurdag synger kjærasteparet duett.

Ingrid og Yngve
Foto: Promo

Det er ikkje mange kjærastepar som kan skryte på seg at begge to er gode nok til å vere med i Kjempesjansen, men det kan nemleg Yngve og Ingrid gjere. På laurdag skal dei synge "Bess you is my woman now", av Gershwin. Allereie no kan du sjå kjærasteparet synge "La ci darem la mano", av Wolfgang Amadeus Mozart på musikkvideoen sin .

Starta tidleg 

Begge to har sunge heile livet. Ingrid meiner at ho song reint før ho i det heile tatt kunne snakke, men det var først på musikklinja på vidaregåande ho tok songtimar kvar veke. Kjærasten, Yngve, var ein del av Oslo Domkyrkje gutekor. Men det har ikkje berre vore song som har prega oppveksten deira.

- Eg byrja å spele piano då eg var seks år, mamma klarte å halde meg på pianokrakken til eg var 12 år. I ein periode stod eg i fare for å konvertere til handballbana, men kyssesjuka satt ein stoppar for det, fortel Ingrid.

- Eg byrja å spele piano då eg var fem år, men slutta då eg var 13 år, i dag spelar eg litt gitar rundt leirbålet, seier Yngve.

Første gong

Ingrid og Yngve
Foto: Promo

Første gong paret sto på scena var lenge før dei traff kvarandre. Den eine elska det, den andre blei vettskremt.

- Eg elska det! Eg hadde tittelrolla i skodespelet ”Doktor Bamse” i første klasse, mamma var kjempestolt, fortel Ingrid.

Men Yngve derimot hadde ikkje ei like god oppleving.

- Eg var livredd, sveitta meir i hendene enn panna. Nei forresten meir i panna enn hendene, Stemma sprakk, og læraren min sin kommentar var ”ikkje alle kan bli stjerne over natta”.

Men på laurdag skal Yngve saman med sin kjære vise kva han er god for. Den store draumen er eit skritt nærare, nemleg å vere solist på dei største scenene i verda.

Kva vil de bruke pengane de vinn til?

- For å få eit stort namn treng ein å kome seg på konkurransar, audition, meisterskap og studiereiser. Vi vil difor bruke pengane på akkurat det.

På gøy med Ingrid og Yngve:

Samlar du på noko?

Ingrid: - Stygge kortstokkar, gjerne turistkortstokkar med bilde på baksida. Eg har berre fire eller fem så samlinga er ikkje så stor.

Yngve: - Eg er ein enkel mann, samlar berre på gode minner.

Kva er det mest ”nerdete” ved deg?

Ingrid: - Eg elskar originalnotar, om det så berre er ein liten del av det eg skal studere så må eg kjøpe heile heftet. Og det er utan å blunke, eg bind dei og inn i kontaktpapir.

Kva er ditt mest idiotiske kjøp?

Yngve: - Symjebriller med styrke, og eg brukar ikkje ein gong briller til vanleg.

Kulturstrøm

  • – Bare så vidt han er en artist

    Flo Rida (46) er for mange unge studenter selve lyden av barndommen deres, og torsdag kveld opptrådte han i Norge.

    Han byr på nostalgi – ikke ulikt nylig norgesaktuelle Pitbull, en annen 2010-tallshelt innen partymusikk fra Florida.

    Og nostalgi selger tydeligvis: Amerikanerens konsert på studentfestivalen Uka – Norges største kulturfestival – ble fullstendig utsolgt.

    Men var det kveldens forestilling verdt de 800 kronene som hver student punget ut med? Overhode ikke, mener NRK P3s anmelder Even Samir Kaushik.

    Flo Rida på UKA 2025 i Dødens dal, Trondheim
    Terningkast 2 Konsert

    «Minimal innsats og gigantisk gevinst»

    ANMELDELSE: Flo Rida på Uka

  • Tidligere Kiss-gitarist er død

    Familien bekrefter til Variety at Ace Frehley er død, 74 år gammel. Litt tidligere meldte TMZ at han lå i respirator etter hjerneblødning.

    Frehley fikk en hjerneblødning etter at han falt i studio for et par uker siden.

    Frehley var med å starte Kiss i 1973, sammen med Gene Simmons, Paul Stanley og Peter Criss, Bandet som er kjent for pyro, ansiktssminke og kostymer.

    Kiss fikk ordentlig suksess da de ga ut konsertalbumet Alive! i 1975. Ace Frehley forlot bandet i 1982, men ble gjenforent med bandet i en periode på midten av 90-tallet.

    Han har holdt flere solokonserter i Norge, blant annet på Rockefeller i Oslo i 2015.

    En gruppe mennesker med masker som spiller instrumenter på en scene
    Foto: PAUL WARNER / AP / NTB
  • – Meir nedtona, meir angst

    Kor roleg, tilslørt og plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre nedstemt og trist?

    På «How Did I Wind Up Here?» tøyar Spellemannprisen-vinnande Jouska (30) grensene for kor mykje skjør angst sjangeren toler, og lagar eit nydeleg album i prosessen, skriv NRK P3s kritikar Sofie Martesdatter Granberg.

    Albumet blir gitt ut 17. oktober.

    en person som sitter på gulvet ved siden av en gitar
    Terningkast 5 Musikk

    «Kor plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre trist?»

    ANMELDELSE: «How Did I Wind Up Here?» av Jouska