– Dette viser at det ikkje finst internasjonal lov og rettferd, og dette skjer i ei tid då Serbia har vist korleis ein bør sanksjonere krigsbrotsverk, seier Nikola Selakovic til den serbiske avisa
.Tortur, valdtekt og deportasjonar
Kosovos eks-statsminister Ramush Haradinaj er frifunnen av krigsforbrytardomstolen i Haag.
Foto: Koen Van Weel / ApDen sterke reaksjonen frå Beograd kjem etter at Kosovos tidlegare statsminister Ramush Haradinaj i dag vart frifunnen i FNs krigsforbrytardomstol i Haag for andre gong. Saka mot han vart fråfallen i 2008, men var opna igjen då det vart påstått at vitne var trua til å teie.
Den tidlegare geriljaleiaren vart varetektsfengsla saman med to andre geriljaleiarar i UCK. Alle tre vart frikjende i dag. Dei var tiltalte for tortur, valdtekt og deportasjonar.
Haradinaj var ein av kommandantane for den kosovoalbanske UCK-geriljaen, som gjennomførde fleire angrep mot serbiske tryggingsstyrkar og sivile. Han er den mest høgtståande politikaren frå Kosovo som har vore tiltalt for krigsbrotsverk, men heime i Kosovo blir han dyrka som ein helt.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Gledesscener i Pristina
Det viste seg også etter at dommen fall i Haag i føremiddag. Store folkemengder samla seg i Kosovos hovudstad Pristina for å feire frifinninga. Jublande menneske samla seg i sentrum av byen med det kosoviske flagget, banner med støtteerklæringar til eks-statsministeren og store bilete av han.
Store folkemengder samla til gledesdemonstrasjon etter frifinninga av Ramush Haradinaj.
Foto: ARMEND NIMANI / AfpOm det var glede i Pristina, så var reaksjonen stikk motsett i Beograd. Også president Tomislav Nikolic gav uttrykk for mismot etter at dommen i Haag fall. For siste veke vart dei to kroatiske generalane Mladen Markaca og Ante Gotovina også frifunne i den same domstolen. Også dei var tiltalte for krigsbrotsverk mot serbarar.
– Dei siste avgjerdene til Haag-tribunalet bygg ikkje på lov og rettferd, seier president Nikolic.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
– Domstolen har teke side
Regjeringstalsmann Milivoje Mihajlovic seier det slik:
– Dei har sendt ei klar melding til Serbia om at dei har teke side. Denne dommen legitimerer at ingen er skuldige i brotsverk mot serbarar.
Statsminister Ivica Dacic har ein litt mildare reaksjon. Han seier at sjølv om dommen i Haag er nedslåande, må Serbia likevel halde fram forhandlingane med Kosovo. Dette for å fremje Serbia sin integrasjon i Europa, for det er i Serbia si interesse, seier han.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: