Hopp til innhold

Få alternativ til løysing i Syria

Etter at FN gav opp Kofi Annans plan for fred i Syria, står det internasjonale samfunnet att med få alternativ for å finne ei løysing på konflikten, meiner forskar.

FN-observatørar reiser ut av Syria

PÅ VEG UT: Desse observatørane forlot Damaskus den 20. august. Deira mandat gjekk ut etter at FNs Tryggingsråd bestemte at oppdraget hadde vore mislykka.

Foto: KHALED AL-HARIRI / Reuters

– Det er vanskeleg å sjå for seg at til dømes Den arabiske liga kan kunne spele ei meklarrolle. Ein reknar jo med at fleire av medlemslanda der går inn med våpen til opposisjonen allereie, seier Kai Kverme, programkoordinator ved Institutt for kulturstudier og orientalske språk på Universitetet i Oslo.

Nyheitsbiletet frå Syria onsdag er todelt. Meldingar kjem om stadige kampar og drepne sivile frå fleire stader i landet.

Samstundes dreg siste rest av FNs observatørstyrke frå Damaskus. Dei klarte ikkje å stogge kampane og drepinga, og FNs Tryggingsråd bestemte til slutt å trekkje observatørane ut.

Konflikten har pågått i snart eitt og eit halvt år, og over 20.000 menneske er drepne til no. Det internasjonale samfunnet har i stor grad vore handlingslamma overfor den brutale konflikten.

Gamle alliansar har stått i vegen for konkrete handlingsplanar. Russland og Kina nektar å gå med på resolusjonar som vil svekke Bashar al-Assads regime. Vesten, med USA i spissen, ynskjer ikkje å forhandle med Assad om hans posisjon i landet.

– Politisk løysing er langt unna

Kai Kverme

INGA KLAR LØYSING: Kai Kverme ved Universitetet i Oslo meiner konflikten i Syria er fastlåst.

Foto: Fred-Olav Vatne / NRK

Nabolanda og Den arabiske liga vert stadig trekte fram som viktige aktørar i den pågåande konflikten i Syria. Men Kverme trur ikkje at konflikten vil verte løyst politisk slik situasjonen er no.

– Det er veldig vanskeleg å sjå korleis det skal utvikle seg vidare. Til no har jo nettopp utviklinga gått føre seg på bakken, seier han, og held fram:

– Diverre ser ein ikkje for seg ei politisk løysing no. Men det kan endre seg. Dersom det internasjonale samfunnet bestemmer seg for til dømes ei flyforbodsone, så kan det vere at det syriske regimet ser seg tvinga til å gå i forhandlingar.

Etter at FN avslutta observatørstyrkanes mandat, har Kofi Annan òg avslutta sitt arbeid. Han er allereie erstatta av Lakdar Brahimi. Men kva mandat den erfarne algeriske diplomaten får er usikkert. Førebels leiar han eit FN-kontor i Damaskus med 20-30 tilsette. Kverme meiner han vil få ein vanskeleg jobb.

– Eg ser det nærast som eit mission impossible. Førebels veit me ikkje korleis Brahimi skal ta til på arbeidet, men det er vanskeleg å sjå for seg at han skal lukkast betre enn Annan, seier Kverme.

Opposisjonen samlar seg

Eit lyspunkt, meiner Kverme, er at opposisjonen i Syria no ser ut til å samle seg. Tidlegare har dei mange opposisjonsgruppene vorte kritiserte for å ikkje verke samlande. Særleg har det eksilbaserte syriske nasjonalrådet vorte kritisert for å ikkje representere det syriske folket.

– Ein snakkar no om å etablere ein overgangsregjering som skal stå klar til å leie overgangen. Denne overgangsregjeringa vil vere sett saman av forskjellege opposisjonsgrupper, ikkje berre Det syriske nasjonalrådet. Etter eit voldsomt fokus på splittelse, så er dette nye tonar, seier han.

Kverme trur at opposisjonen er interessert i ei politisk løysing. Men så lenge forslaga som ligg på bordet krev Bashar al-Assads avgang, så står partane fast på kvar si side.

SISTE NYTT

Siste nytt