Hopp til innhold

Einige om at Assad må gå – men ikkje stort meir

KAIRO (NRK.no): I går starta den syriske opposisjonen møter i Kairo for å finne ut kva dei vil i framtida. Ved lunsjtider i dag haldt møtet på å bryte saman.

Syrisk opposisjonskonferanse i Kairo

Politikarar i mange land er samla i Kairo saman med opposisjonsgruppene frå Syria for å finne felles grunn for utviklinga.

Foto: KHALED DESOUKI / Afp

Sigurd Falkenberg Mikkelsen i Egypt
Foto: NRK

– Eg bryr meg ikkje om politikk eller våpen. Me treng mat, seier Mazen.

Dette er beskjeden til ein av aktivistane NRK prata med utanfor møtet i Kairo. Ulike grupper frå Syria er no samla i den egyptiske hovudstaden for å diskutere kva framtidsvisjonar dei har for Syria.

Mazen

Aktivisten Mazen oppfordrar politikarane til å fokusere på dei menneskelege lidingane.

Foto: Sigurd Falkenberg Mikkelsen / NRK

Mazen jobbar med grasrotsaktivisme i Syria, og har nyleg vore i den krigsherja byen Homs. Han har ein klar beskjed gi til opposisjonsleiinga.

– Ver så snill å samein dykk. Sett meiningsforskjellar til side og fokuser på folket.

– Me har ikkje lenger luksusen til å ha forskjellege ståstadar eller meiningar. Folk dør og det er eit blodbad. Då kan ein ikkje krangle om Syria skal vere ein muslimsk eller sekulær stat. La folk få leve, og då kan folket få bestemme etterpå.

– Dersom me ikkje blir einige har me eit problem

George Sabra er ein av dei offisielle deltakarane på møtet. Han er talsmann for det syriske nasjonalrådet, og har ein meir politisk tilnærming til møtet.

– Me diskuterer to dokumentar, eit overgangsdokument for å definere overgangen til diktatur til demokrati, og eitt for å definere visjonar for det nye Syria.

George Sabra

George Sabra er optimistisk etter møtet, men det er langt frå alle som deler synspunkta hans.

Foto: Sigurd Falkenberg Mikkelsen / NRK

Sabra er optimistisk.

– Me er no politisk sameint, seier han til NRK.

Men det er langt frå alle som deler denne optimismen. Samir Aita frå opposisjonsgruppa Syria Democratic Forum har vore med å skrive utkastene til dokumentane. Han fortel om felles grunn når det gjeld å få fjerna Assad-regimet, men er meir pessimistisk på lang sikt.

– Visjonane for Syria er mykje meir kompliserte, og det uroar meg. Dersom me ikkje klarar å bli einige om kva Syria skal vere i morgon så har me eit problem.

Splittelsen er stor

Det er spesielt stor usemje om ein skal setje fokuset på væpna intervensjon og utanlandsk hjelp, eller å jobbe innanfrå ved å inngå kompromissar. Men alle er tydelege på at Assad er ferdig.

Etter det NRK kjenner til har det vore intense forhandlingar i løpet av dagen, og det var veldig nært eit samanbrot ved lunsjtider i dag. Etter det skal dei ha klart å hente seg inn igjen til meir fruktbare samtalar.

Det er likevel tydeleg at splittinga i opposisjonen er svært stor. Fleire grupper har valt å boikotte det to dagar lange møtet i Kairo. Både Lokale Samordningskomiteer (LCC) og Den frie syriske hæren (FSA) haldt seg borte frå møtet fordi ei samlingsregjering sto på agendaen. Begge desse gruppene ein slik plan.

– Me avviser alle formar for dialog med drapsgjengene og kjem ikkje til å la nokon få tvinge Russland og Iran sin agenda på det syriske folk, seier aktivistane i eit utsegn.

SISTE NYTT

Siste nytt