Hopp til innhold

- Dette er systematisk etnisk og religiøs reinsing

Leiaren for dei kristne innbyggjarane i Nigeria kallar drapa på kristne den siste tida for systematisk etnisk og religiøs reinsing.

Ayo Oritsejafor, leiar for Christian Association of Nigeria.

Ayo Oritsejafor er leiar for samanslutninga av kristne i Nigeria, Christian Association of Nigeria, CAN.

Mange er såra i angrepa mot kristne i Nigeria.

Mange er sende til sjukehus etter angrepa mot kristne dei siste dagane.

Foto: EBU

Ayo Oritsejafor er leiar for Samanslutninga av kristne (The Christian Association) i Nigeria. Han seier i kveld at leiarane i organisasjonen på eit møte i hovudstaden Abuja har diskutert drapa på kristne den siste tida, og at dei ikkje er i tvil om at dette er snakk om systematisk etnisk og religiøs reinsing.

LES OGSÅ: Islamistgruppe bak massedrap på kristne

Vil jage ut dei kristne

Den islamistiske grupperinga Boko Haram har teke på skulda for drapa, og seier at dei vil halde fram heilt til alle kristne er ute av det nordlege Nigeria. Sist søndag trua dei med at kristne måtte forlate området innan to dagar, eller blir drepne.

Nærmare 40 kristne er skotne og drepne av Boko Haram i delstatane Adamawa og Gombe dei siste par dagane. Dette har fått delstatsregjeringa i Adamawa til å innføre 100 prosent portforbod i heile delstaten.

Frå før har presidenten i Nigeria, Goodluck Jonathan, innført unntakstilstand i fire andre delstatar i den nordlege delen av landet.

I går kveld vart 11 menneske drepne medan dei deltok i ei gudsteneste i ei kyrkja i delstatshovudstaden Youla, medan 17 andre vart drepne i byen Mubi i same delstaten. Kvelden før vart minst seks menneske drepne i eit angrep mot ei kyrkje i nabodelstaten Gombe.

LES OGSÅ: Seks drepne i nytt kyrkjeangrep

Mange på flukt

Angriparane har også gjort stor skade på kyrkjene.

Angriparane har også gått laus på kristne symbol i og ved kyrkjene.

Foto: AFOLABI SOTUNDE / Reuters

I går kveld vart det harde kampar mellom islamistmilitsen Boko Harm og politiet ved ein politistasjon i byen Potiskum i delstaten Yobe. Skytinga varte heile natta, og mange er på flukt frå heimane sine.

– Vi er redde for at soldatane skal aksjonere og brenne ned heimane våre, slik dei gjer i Maiduguri kvar gong Boko Haram går til angrep, seier innbyggjarane Amiru Umar til nyheitsbyrået AFP.

Dei kristne leiarane i Nigeria seier at dei no arbeider med planar om korleis dei skal forsvare seg mot drapa.

- Vil framprovosere motaksjonar

Observatørar som kjenner Nigeria godt trur at Boko Haram-militsen har eit ynskje om å framprovosere motreaksjonar frå dei kristne, slik at dei kan få eit påskot til å gå enda hardare til verks.

Det nordlege Nigeria er dominert av muslimar, medan den sørlege delen av landet har flest kristne. Det er om lag like mange kristne som muslimar blant dei 160 millionar innbyggjarane i landet.

SISTE NYTT

Siste nytt