Hopp til innhold

– Oska slo ned over oss som ein snøstorm

Vulkanen Puyehue sør i Chile har laurdag kveld hatt eit kraftig utbrot.

CHILE/

Oske og røyk veltar ut av Puyehue-vulkanen i Chile etter eit større utbrot laurdag.

Foto: CARLOS GUTIERREZ / Reuters

Utbrotet sende til vêrs ei søyle med røyk og oske som strekkjer seg ti kilometer opp i atmosfæren, opplyser det nasjonale senteret for geologi og mineralforvalting, ifølgje AFP.

– Det kjem eld og røyk veltande ut frå krateret. Det luktar sterkt av svovel, fortel ein lokal tenestemann til reporterar på staden.

Sjå direktesending om vulkanutbrotet frå den argentinske TV-kanalen C5N.

«Oskestorm»

Vinden har ført oska i retning av nabolandet Argentina. Grenseovergangen er no stengd i området, og dei lokale styresmaktene på begge sider av grensa oppmodar folk om å halda seg innandørs.

– Oska slo ned over oss som ein snøstorm, seier den argentinske tenestemannen Carlos Hidalgo til TV-stasjonen TN.

Chilenske styresmakter hadde i forkant slege full alarm på grunn av over 60 rystingar i jordskorpa som målte over 4 på skalaen.

Ifølgje CNN Chile var 3500 innbyggjarar evakuerte før vulkanen hadde utbrot.

– Dette er førebyggjande tiltak for å beskytta befolkninga og unngå store tragediar, seier visepresidenten i landet, Rodrigo Hinzpeter.

Puyehue ligg i den sørlege regionen Los Lagos, 870 kilometer sør for hovudstaden Santiago. Vulkanen er ein av totalt fire i den vulkanske kjeda «Cordon Caulle».

Puyehue hadde sitt førre store utbrot i 1960, etter eit jordskjelv som målte 9,5 i styrke.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt