Hopp til innhold

- Verste krisa sidan verdskrigen

- Krisa vi opplever no er den verste i Japan sidan andre verdskrigen, seier statsminister Naoto Kan,

Video - Verste krisen sidan 1945

VIDEO: Japans statsminister Naoto Kan talte til folket.

- Situasjonen ved atomkraftverket Fukushima er framleis svært alvorleg, og japanarne må rekne med mangel på elektrisk straum framover, seier statsministeren i landet, Naoto Kan.

Verste på 65 år

Fukushima kjernekraftverk eksplosjon

Situasjonen ved kjernekraftverket Fukushima er framleis kritisk.

Foto: REUTERS TV / Reuters

Statsministeren sa i ein fjernsynstale i dag at krisa Japan opplever no, er den verste i landet sidan andre verdskrigen. Denne krigen enda med amerikansk bombing av byane Hiroshima og Nagasaki med atomvåpen.

Kan bad om innbyggjarane si forståing for at det no er naudsynt med periodevis utkopling av elektrisk straum. Han sa at straumkrisa er ekstremt alvorleg, og at overbelasting av straumnettet i denne situasjonen kan gjere uboteleg skade.

Han gjorde det likevel klart at problema ved atomkraftverket ikkje er av same omfang som katastrofen i Tsjernobyl i 1986.

- Dette er svært forskjellig frå Tsjernobyl. Det har kome ut stråling i lufta, men det er ikkje snakk om store mengder, sa han i talen sin.

Samarbeid og fellesskap

- Men om vi skal kome oss ut av denne krisa, er avhengig av kvar enkelt av oss, sa Kan, og bad om om at innbyggjarane no står saman.

- Eg trur svært sterkt at vi kan overvinne desse vanskane ved å stå saman og hjelpe kvarandre, la han til.

LES OGSÅ: Vrakgods så langt øyet rekker

LES OGSÅ: Alle savnede nordmenn i Japan er funnet

LES OGSÅ:

LES OGSÅ: Ny eksplosjonsfare ved atomreaktor

SISTE NYTT

Siste nytt