Det var visepresident Nicolas Maduro som kom med bodskapen om at presidenten var død på fjernsyn tysdag kveld norsk tid.
Foto: HO / AfpChávez-tilhengjarar sørgjer i gatene.
Foto: NTB ScanpixMaduro opplyste om dødsfallet i ein tale på venezuelansk fjernsyn like før klokka 23 norsk tid.
– Vi har fått den verste og mest tragiske bodskapen. Chávez måtte til slutt gi tapt for kreftsjukdomen som ramma han for to år sidan, sa Maduro blant anna.
LES OGSÅ:
Den venezuelanske presidenten døydde klokka 16.25 lokal tid, kl. 18.55 norsk tid. Døden vart kunngjort kl. 22.05 tysdag kveld.
– Det beste landet hadde
Chávez har vore operert fire gonger på Cuba, og han var innlagt på eit militærsjukehus i Caracas då han døydde.
Butikkar og restaurantar over stengde etter at det vart kjent at presidenten var død. Folk som bevegde seg ute, skunda seg heim, nokre sprang.
– Eg er så trist at eg ikkje kan snakke, sa Yamilina Barrios (39) med ansiktet fullt av tårer.
– Han var det beste dette landet hadde. Eg forguda han.
Maduro ba folk om å samle seg på Bolivar-plassen, oppkalt etter mannen Chávez såg som si store inspirasjonskjelde. Han ønskte også at opposisjonen skulle respektere «folkets smerte».
– Dei som aldri hadde respekt for Chávez, ha respekt for smerta folket kjenner no, sa han.
(Saka held fram etter biletet.)
Folket samla seg til minne om Chávez.
Foto: NTB ScanpixPusteproblem
Tilstanden hans har vorte gradvis verre dei siste dagane, og han har hatt store problem med å puste. Samstundes sette legane i gang ein ny runde med intens cellegiftbehandling.
Chávez har ikkje vist seg offentleg etter han kom heim frå behandling på Cuba i midten av februar. Det er aldri opplyst kva type kreft han var ramma av.
Han er kjend for sin fiendtlege haldning til USA, og han sa tidleg i sjukdomsperioden at det var USA som hadde gitt han kreft. Dette vart
visepresidenten på venezuelansk fjernsyn tidlegare i dag.Hæren i beredskap
Hæren stiller opp for å halde ro og orden - og for å støtte dei sørgjande.
Foto: NTB ScanpixSamstundes gjorde visepresident Nicolas Maduro det klart at landet hadde utvist to amerikanske diplomatar fordi dei hadde delteke i ein konspirasjon mot regjeringa i Venezuela.
Den venezuelanske hæren er sett i høgste beredskap i samband med at presidenten er død, og soldatar og politi er utplasserte i gatene i hovudstaden og andre store byar. Maduro sa i fjernsynstalen sin at dette er gjort for å verne folket og for å sikre freden i landet.
Leiinga for dei militære greinene i landet gjorde det seint tysdag kveld norsk tid at dei vil støtte visepresident Nicolas Maduro og etterleve grunnlova.
Chávez har gjort det klart at han ville at Maduro skulle etterfølgje han som president.
LES OGSÅ:
Tilhengjarar plasserte ein stor plakat med bilete av presidenten utanfor sjukehuset.
Foto: Carlos Garcia Rawlins / Reuters