Den allsidige og folkekjære artisten måtte natt til 4.september gje etter for kreftsjukdomen og sovna stille inn.
Heltberg vart innlagd ved Rikshospitalet i påsken. Ho blei operert for kreft ved gastrokirurgisk avdeling.
Heltberg kom frå Oslo og blei oppdaga av trubaduren Stein Ove Berg på 1970-talet. Heltberg spelte først i bandet Uncle John`s Band, før ho i 1982 kom med sitt første, sjølvtitulerte soloalbum.
Plater og pris
Ho gav ut tolv album i løpet av karrieren. Den siste singelen hennar var «Elske fritt» som kom i 2009. I tillegg har ho skrive alle sangane og medverka som gjestesolist på blant anna plata «Vektløs» av Kari Iveland, og turnert med kjende artisar som Henning Kvitnes, Jonas Fjeld og Åge Aleksandersen.
Heltberg var ein anerkjend artist og låtskrivar som i 2002 blei heidra med Edvard-prisen i klassen populærmusikk - mindre verk, for sangen «Med tiden».
Tre gonger deltok ho i Melodi Grand Prix: i 1980, 1984 og 1985. Ho komponerte også låta «If» som Leif Anders Wentzel framførte i 2000.