Hopp til innhold

- Eit provoserande tilbod

Tilbodet frå staten i årets landbruksoppgjer er på om lag éin milliard kroner. Det er langt under halvparten av bøndene sitt krav på 2,6 milliardar.

Video PK landbruksoppgjøret

NETT-TV: Pressekonferanse om landbruksoppgjeret. Tilbodet blei lagt fram av staten sin forhandlingsleiar Leif Forsell i dag.

Staten tilbyr bøndene 970 millionar i landbruksoppgjeret. Det tilsvarar ei inntekstauke på 7 prosent eller 17.000 kroner per årsverk i 2012

Tilbodet blei lagt fram av staten sin forhandlingsleiar Leif Forsell i dag, ei veke etter den ordinære fristen.

– Dette er eit provoserande tilbod, både overfor jordbruket og overfor landsmøtevedtaka i dei tre regjeringspartia. Me må vurdera grunnlaget for vidare forhandlingar, seier Ann Merete Furuberg i Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

– Ikkje nok

– Ein milliard er ikkje nok til løysa dei utfordringane som jordbruket har, meiner Furuberg.

Ho visert blant anna til behovet for auka inntekter, rekruttering og til å halda liv i landbruket i alle delar av landet, og får støtte frå Norges Bondelag.

– Tilbodet frå staten viser at regjeringa ikkje tek utviklinga i landbruket eller grasrota i eigne parti på alvor, seier Nils T. Bjørke, leiar i jordbruket sitt forhandlingsutval.

Det er staten sin forhandlingsleiar Forsell ikkje samd i.

– Tilbodet frå staten gir god inntektsutvikling for bøndene, og me prioriterer spesielt husdyrhaldet i distrikta. Tilbodet tek omsyn til svakare inntektsutvikling i jordbruket frå 2006 til 2011 enn det partane la til grunn for avtalen i 2010, seier Forsell.

– Overraskande dårleg

Ifølgje Bjørke i Norges Bondelag er tilbodet «overraskande dårleg» , fordi det ikkje er i tråd med ambisjonane i regjeringserklæringa, ei i samsvar med utsegn frå landsmøta til dei tre regjeringspartia.

Han meiner det er skuffande at staten tilbyr bøndene inntekstvekst rekna i prosent av ei inntekt som allereie er låg.

– Me krev ei kronemessig lik utvikling som andre grupper, og eit låginntektstillegg. Staten sitt tilbod vil føra til at bøndene blir hengande enda lenger ette andre grupper, seier Bjørke.

Forhandlingane skal vera avslutta innan den 17.mai, om seks dagar. Både Småbrukarlaget og Norges Bondelag seier no dei må setja seg ned og vurdera om dei i det heile teke vil forhandla med staten.

Nils T. Bjørke, Norsk Merete Furuberg og Leif Forsell

- Eit provoserande tilbod, meiner Merete Furuberg i Norsk Bonde- og Småbrukarlag om staten sitt tilbod i jordbruksoppgjeret 2011. Her tek staten imot bøndene sitt krav den 28.april i år.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / Scanpix

Høgare prisar

Subsidiane til landbruket kjem både i form av tilskotsordningar, og indirekte i form av verkemiddel som tollvern, avgifter og skatt.

Staten vil auka løyvingane som kjem over statbudsjettet med 315 millionar kroner. I tillegg vil den auka målprisane på jordbruksråvarer med 535 millionar kroner.

For forbrukarane vil det tyda ei gjennomsnittleg prisendring på 0,7 prosent, ifølgje Landbruks- og matdepartementet.

Effekten på forbrukarprisane kan bli om lag 1,6 prosent på mjølkeprodukt og egg, 1,1 prosent på kjøt, ein kvart prosent på brød og kornprodukt, 0,6 prosent på frukt, poteter og grønnsaker

Høge krav

Krava frå bøndene i årets jordbruksoppgjer er på 2,6 milliardar kroner. Det er det nest høgaste kravet som bondelaga har fremja dei siste 30 åra.

I fjor var kravet på 1,9 milliardar, medan tilbodet frå staten var på 750 millionar. Etter forhandlingar blei resultatet 950 millionar kroner.

AKTUELT NÅ