– Verdiskapinga skjer ute i landet, medan eigendom og formuer hopar seg opp i byane, seier Sp-leiar Liv Signe Navarsete.
Ho viser til SSB-tal som fortel at 85 prosent av dei som betaler formuesskatt bur sentralt. Personar som betaler formuesskatt i dei mest sentrale strøka betaler 75 prosent meir enn dei som bur mest perifert.
Difor utjevner formuesskatten skilnader mellom by og land, meiner Navarsete.
– Dette betyr at formuesskatten, i tillegg til å utjavne forskjellar mellom folk, også bidreg til geografisk rettferdighet gjennom å utjavne forskjellar mellom by og land, seier Navarsete.
- LES OGSÅ: Senterpartiet vil nå ha skattefradrag for arbeid i hjemmet
- LES OGSÅ: Vil gi distriktshotell skattefordel
Høgre: – Skatten utarmar distrikta
Høgre-nestleiar Jan Tore Sanner er slett ikkje einig i Navarsete sin logikk.
– Tvert imot er det slik at formuesskatten bidreg til ei utarming av distrikta, fordi den særleg rammar små og mellomstore bedrifter distrikts-Noreg, seier Sanner.
Han meiner difor at ei nedtrapping av formuesskatten vil styrke distrikta og det lokale næringslivet.
– Navarsete bommar fullstendig. Framfor å lese seg blind på statistikk frå SSB bør ho ta seg en tur ut i distriks-Noreg og besøke lokalt eigde arbeidsplassar og høre at formuesskatten er med på å utarme arbeidsplassane, seier Sanner.
– Ekko av Lysbakken
I dag møttes dei to til debatt i Politisk Kvarter. Der vart Navarsete anklaga for å ha vore for mykje ilag med SV dei siste åra.
– Navaseret høyrest ut som eit retorisk ekko av Audun Lysbakken. Det er tydeleg at ho har vore for lenge i regjering med SV. Verdiane må skapast før dei kan brukast, sa Sanner i debatten.
Han meiner dessutan at formuesskatten hemmar norske bedrifter i konkurranse med store, fleirnasjonale selskap.
– Det er gründeren i Sogn og Fjordane og familiebedrifta Ulsteinvik som må betale formuesskatt, ikkje dei utanlandske selskapa i Noreg, seier Sanner.
Fleire arbeidsplassar gir meir skatt
Han held òg fast på at Navarsete tek feil når det gjeld omfordelinga mellom by og land.
– For dei rike i Oslo er ikkje formuesskatten i et stort problem. Men for små bedrifter i distrikta er dette et stort problem, hevdar Sanner.
Han peikar på at staten tek inn langt meir i formuesskatt no enn da den raudgrøne regjeringa vart innsett i 2005.
– Årsaken til det er jo at næringslivet i Noreg går veldig godt. Det er skapt mange fleire arbeidsplassar, som skapar verdiar og har overskot. Men det neglisjerer Høgre i si svartmåling, slår Navarsete tilbake.
Ho peikar og på at det er færre som betaler formuesskatt no enn før.
– Formuesskatten blir betalt på grunnlag av formue, og den har heldigvis økt. Det tek ofte lang tid før gründarar kjem i posisjon til å betale formuesskatt, fordi det ofte er ein del gjeld inne i bildet i oppstarten, forklarer Navarsete.