Seint måndag vart det klart at dei ni store, kvite bokstavane i åssida vert ståande også i framtida, melder
- Dette er eit symbol på draumar, moglegheiter og håp, sa guvernør i California Arnold Schwarzenegger på ein presskonferanse måndag.
Guvernør i California Arnold Schwarzenegger er glad for at Hollywood-skiltet er redda.
Foto: Damian Dovarganes / ApVille byggje luksusbustader
Ein eigedomsinvestor hadde planar om å byggje luksusbustader i området der det berømte skiltet står. For å redde dette symbolet på den amerikanske filmindustrien frå å verte fjerna, vart eit privat fond oppretta.
Som ein del av kampanjen for å redde landområdet frå utbygging vart også Hollywood-skiltet dekt av bodskapen «Save the Peak», altså «redd åsen».
I februar vart Hollywood-skiltet dekt med bodskapen om å redden åsen.
Foto: Reed Saxon / APMåndag kom altså meldinga om at fondet no har samla inn dei naudsynte 12,5 millionar dollar, med Playboy-gründer Hugh Hefner si innbetaling på 900.000 dollar. Med dei innsamla pengane kan fondet kjøpe landområdet der skiltet er.
Fondet har fått private bidrag frå alle dei 50 amerikanske statane, frå ti ulike land, og mellom kjendisane som har bidrege med pengar er skodespelar Tom Cruise og regissør Steven Spielberg.
Symbolet på filmdraumen
Slik har Hollywood-skiltet sett ut sidan 1932 - no vert det ståande.
Foto: Reed Saxon / APHollywoodskiltet vart sett opp i 1923, og skulle eigentelg marknadsføre eigedomssal i området. Men med veksten i filmindustrien i Los Angeles vart skiltet eit viktig symbol for filmverda.
- Barndomsdraumane og fantasiane mine kom frå filmverda, og dei bileta som er skapt i Hollywood har hatt enorm innverknad på både mitt og Playboys liv, uttalte Hugh Hefner.