Hopp til innhold

Tapte kampen

Det vart ingen internasjonal Emmy-pris til Ping-pong i natt. - Ganske greit, seier regissøren.

Catia fra Ping-pong

Ping-pong tapte kampen om ein internasjonal Emmy-pris.

Foto: Nordisk Film

Regissør Lisa Marie Gamlem og NRK måtte i natt sjå seg slått av den britiske serien Shaun the Sheep i kategorien beste TV-produksjon for barn og unge.

- Som forventa

- Det var som forventa at Shaun the Sheep skulle vinne, og vi var eigentleg stolte over berre å vere nominerte i samme kategori.

Det seier Ping-pong-regissør Lisa Marie Gamlem på telefon frå New York til NRK.

- Nivået er jamnt over veldig høgt. Vi må hugse på at vi var valde ut saman med tre andre frå heile verda.

Lisa Marie Gamlem

Regissør av dramaserien Ping-pong Lisa Marie Gamlem.

Foto: NRK

Populær vinnar

Vinnaren, Shaun the Sheep, er laga av dei samme som står bak den populære serien Wallace & Gromit.

- Ein utruleg bra og morsom produksjon, fleire av oss som har laga Ping-pong er jo veldig fan av dei folka frå før, seier Gamlem.

Viktig for bransjen

Ingen norsk TV-serie har nokon gong vunne Emmy, men Gamlem meiner at nominasjonen i seg sjølv er veldig viktig.

- Generelt i bransjen gir ein Emmy-nominasjon ein ny giv. Vi ser at vi kan konkurrere i verdsklasse, seier Gamlem til NRK. Det gir ein ny giv til heile bransjen, om å gå på igjen - no må vi klare å vinne den Emmyen!

Ping-pong er produsert av Nordisk Film og vart synt på NRK. Sist gong NRK var nominert var i 2006 med Gutta boys.

Britisk suksess

Shaun the Sheep var berre ein av fleire britiske prisar på årets Emmy-utdeling. Heile sju av ti prisar gjekk til britiske produksjonar. Her er nokre av dei:

Beste dramaserie: Life on Mars

Beste komedie: The I.T. Crowd

Beste mannlege hovudrolle: David Suchet, Maxwell

Beste kvinnelege hovudrolle: Lucy Cohu, Forgiven

Tre andre prisar gjekk til Jordan, Argentina og Nederland.

Dei internasjonale Emmy-prisane heidrar TV-program som er laga
utanfor USA.

Kulturstrøm

  • Skuespiller Jan Frostad er død

    Den bergenske og profilerte skuespilleren Jan Frostad døde i Trondheim etter kort tids sykdom mandag 20. oktober.

    Det melder sønnen hans i en pressemelding.

    I løpet av skuespillerkarrieren har Frostad medvirket i over 150 produksjoner, alt fra teater, radioteater, fjernsynsteateret, film og TV-serier.

    en mann og kvinne som sitter på en sofa
    Foto: Ned Alley / NTB
  • BT: Frode Øverli legg Pondus på hylla

    Etter 30 år sluttar Frode Øverli å teikne Pondus-striper regelmessig, melder BT.

    Framover skal Pondus-teiknaren fokusere på barnebøker, rett nok med ein karakter som Pondus-lesarane kjenner godt til, nemleg Frida, eller «Sneipen».

    Pondus-bladet kjem til å halde fram ei stund til, og teiknaren seier han har nok nytt materiale til å fylle opp Pondus-bok nummer 25.

    – Men det kjem ikkje lenger noko nytt i blad eller aviser, seier han til avisa.

    Rett nok nektar han ikkje for at det kan kome nye Pondus-striper ein gong, men det blir eventuelt om og når han sjølv vil.

    Frode Øverli
    Foto: Sølve Rydland / NRK