Hopp til innhold

Kristne legar vil avvise lesbiske

Norges Kristelige Legeforening krev at legar skal ha rett til å seie nei til lesbiske som ber om assistert befrukting. – Diskriminering, meiner LLH.

Lesbisk par med barn

SEIER NEI: Foreininga Norges Kristelige Legeforening vil seie nei til å befrukte lesbiske. (Illustrasjonsfoto)

Foto: JOSÉ LUIS ROCA / Scanpix/AFP

– Vi meiner det er til barnas beste at dei får både ein far og ei mor. Difor vil vi ha moglegheita til å nekte å medverke til at lesbiske får kunstig befrukting, seier Aage Sand i Norges Kristelige Legers Forening til Fædrelandsvennen.

På generalforsamlinga 26. mars vedtok foreininga retten til å reservere seg mot. Samstundes vedtok dei å jobbe for ein generell rett for legar til å reservere seg mot å medverke til kunstig befrukting.

– Diskriminering

Bård Nylund som er leiar LLH meiner reservasjonsretten er diskriminering av lesbiske.

– Dersom ei kvinne ber om assistert befrukting, kvifor skal ein leggje opp ein praksis der ein får ein legekonsultasjon som endar med at legen fortel kvinna at ho ikkje bør bli mor på grunn av si legning, spør Nylund.

Ifølgje avisa vil ikkje reservasjonsretten berre dreie seg om sjølve inngrepet, men også henvisning til vidare behandling.

– Ved kunstig befrukting vert det alltid henta ut fleire egg enn ein treng. Dei overskytande, befrukta egga vert frose eller destruert. Vi anser dette som gale på linje med abort. Livet startar ved befruktinga, seier Sand.

Bård Nylund

REAGERER: Leiar i LLH, Bård Nylund, er særs kritisk til at legar skal ha rett til å seie nei til lesbiske som ber om assistert befrukting. (Arkivfoto)

Foto: LLH

Vil styre unna

Nylund i LLH reagerer på at Sand samanlikna dette med abort.

– Saka handlar ikkje om fenomenet assistert befrukting, men om kva pasientgrupper som skal få behandling, og som seksuell legning er grunn god nok til å nekte å henvise, seier Nylund til avisa.

– Det bør offentleggjerast kva legar som har slike haldningar. Vi vil vite kva legar som tenkjer slik, så vi kan velje kven vi skal gå til, seier Lene Tønnessen i LLH Sør og får støtte av Nylund.

– Eg er jo ikkje i målgruppa som mann, men haldninga er slik at heller ikkje eg vil ha ein slik fastlege. Eg vil vite dette, slik at eg kan styre unna, seier han.

– Følte meg som feilvare

Cathrine Wilson har sjølv opplevd å bli avvist av fastlegen då ho spurte om assistert befrukting.

– Kvifor skal du det spurte den kvinnelege legen. Eg sat der med partnaren min og vart heilt paff. Eg vart uvel, det var ei riktig ubehageleg oppleving, fortel ho.

– Legen sa rett ut at barn burde vere forbeholdt forhold med ein mann og ei kvinne. Eg trudde legar skulle vere nøytrale, men i denne konsultasjonen følte eg ho såg på meg som feilvare, seier Wilson.

– Kva tenkjer du om offentleggjering av kva legar som reserverer seg i slike saker?

– Det ville ha hjulpe mykje. Då kan ein velje kven ein vil gå til. Ingen bør oppleve å sitje med ein lege som ikkje respekterer deg, seier ho.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 02 0,87 kr
Dyrest kl. 20 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 3,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 0,9 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %