– Det har vore ei auke i befolkninga i talet på henvendelsar til behandling for alkoholproblem generelt i behandlingsapparatet, seier forskar ved Statens institutt for rusmiddelforsking, Ingeborg Rossow til NRK.no.
– Vi ser og frå sjukehusstatistikken med talet på innleggjingar på sjukehus med alkoholrelaterte skader har auka betydeleg, seier ho.
Kollapsa
NRK.no har møtt «Ingrid» frå Kristiansand. Ho drakk til ho kollapsa kvar dag i ti år.
– Eg har ikkje noko svar på kvifor eg bryja å drikke meg full. Eg oppdaga veldig tidleg at alkoholen hadde ein god verknad på meg. Pilsen var min beste venn, seier «Ingrid».
Ho fortel om år prega av alkohol.
– Eg fekk av meg skoa, gjekk til kjøleskapet og henta pilsen. Så sat eg der til eg sovna, seier ho.
– Nokre gonger vakna eg i to-tre-tida på natta med øl-boksane rundt meg. Eg risa på hovudet og stod opp og gjekk på jobb, seier ho.
Ingen statistikk
Sjølv om det ikkje vert ført medlemsstatistikk hos Anonyme Alkoholikere, meiner også «Ingrid» at stadig fleire kvinner ber om hjelp til å setje strek over alkoholen.
– Eg opplever at betrakteleg fleire kvinner kjem, seier ho.
Ifølgje John-Kåre Vederhus ved senter for rusavhengige ved Sørlandet sykehus i Kristiansand, er det stadig yngre kvinner som ber om hjelp.
– Data viser at ein tredjedel av pasientane i døgnbehandling er kvinner, seier han.
– Kvinnedelen er høgst i ei yngre aldersgruppene. Det seier litt om at rekrutteringa til Anonyme Alkoholikere har vore sterkast blant kvinnene dei siste 20 åra, seier Vederhus.
Hadde leiarstilling
«Ingrid» jobba i ei leiarstilling i ei bedrift i Kristiansand, med ansvaret for rekneskap og løn. Ingen av kollegene skjønte at ho var alkoholikar.
– Eg fann nye løysingar slik at eg kunne drikke. Eg klarte det av ein eller annan merkeleg grunn, seier ho.
No har ho fått ein ny jobb og eit riktg liv - utan alkohol. I tillegg går Ingrid på møte saman med 40 andre kvinner i Kristiansand i regi av Anonyme Alkoholikere kvar veke.
– Her har eg fått den hjelpa eg treng. I dag har eg eit fantastisk liv, seier ho.