Hopp til innhold

– Eg stod med vatn til knea og ropte at folk måtte gå av isen

Han samla så mykje publikum at skøyteisen sprakk under føtene på han. I dag fyller 50-talet sitt svar på Justin Bieber, Hjalmar «Hjallis» Andersen, 90 år.

Hjalmar Andersen

90 ÅR: Den norske skøytelegenda Hjalmar «Hjallis» Andersen blir 90 år i dag. Bilete er frå 1957 då han blei trenar for det svenske skøytelandslaget.

Foto: NTB / NTB scanpix

Hjallis

Hjalmar Andersen har ein stor karriere å sjå tilbake på, med tre gull under OL i Oslo i 1952 som det beste han presterte.

Foto: Yngve Tørrestad / NRK

– Det var så dårleg lys, at arrangørane ikkje greidde å fanga opp at det samla seg alt for mange folk på isen, fortel Hjalmar «Hjallis» Andersen, som i dag fyller 90 år.

Dagen han snakkar om er det snart 60 år sidan, på ei tid då «Hjallis» var ei stjerne på nivå med Justin Bieber i dagens målestokk.

Og når det blei kjent at mannen, som hadde sanka tre OL-gull i Oslo, skulle koma til Stavanger for å delta i eit skøyterenn på Mosvatnet var det derfor ikkje få som ville møta opp.

Isen sprakk

Historiene som har vandra i ettertid vil ha det til at om lag 30.000 fann vegen ut på isen i mildvêret 20. februar i 1954.

  • Gratuler «Hjallis» med dagen i kommentarfeltet!
Is på Mosvatnet i Stavanger

MOSVATNET I 2013: Isen på Mosvatnet 18. januar i år, truleg tjukkare enn februardagen i 1954.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

– Eg ser ikkje vekk frå at dette talet kan stemma, for det var aldeles utruleg mykje folk, seier «Hjallis».

30.000 eller ikkje. Det var i alle fall meir folk enn isen kunne bera.

Ein av dei som stod i publikum var Thomas Middelthon.

– Interessa for skøytesport den gong var gigantisk, og Hjalmar Andersen var større enn Northug og Bieber til saman, fortel mannen som då berre var ein gutunge.

– Det var tusenvis av folk på isen, og dei sokk djupare og djupare. Det var ein komedie utan sidestykke å sjå på alle fedrane i frakk og hatt som stod til knea i vatn, men dei ville likevel stå der å sjå, så dei gjekk opp på benkene.

– Men så sa det plutseleg bang. Det var eit skrall ein kunne høyra på heile Mosvatnet, og det kom ein svær brest i isen, først då byrja folk å springa i panikk.

SJÅ VIDEO:

Hjalmar Andersen fyller 90 år den 12.03.2013. I denne reportasjen kan du se mange av høydepunktene fra hans skøytekarrieren. Reporter: Jan Petter Saltvedt. Redigerer: Håvard Bergheim.

Hjalmar Andersen fyller 90 år i dag.

Jentene følgde etter «Hjallis»

Også «Hjallis» fortel om hendinga med stor innleving.

– Eg stod med vatn til knea, og ropte at folk måtte gå av isen. Etter den sprakk byrja meg og Roald Edgar Aas å springa mot Hotell Astor, for å koma oss i hus.

Men då folk såg kva retning stjerna sprang i, kasta dei seg på og sprang etter.

– Dermed sprang plutseleg alle mot Alstor. Det blei laga ein sketsj om ei dame som kom springane og tok på meg i flukta. Ho stoppa opp og ropte; 'Eg har tatt på han, eg har tatt på han!', fortel jubilanten og ler.

Til slutt kom «Hjallis» og Aas seg inn på hotellet, men noko skøyteløp blei det ikkje.

– Det var ei stor oppleving, og det er ein historie du alltid tar med deg. Eg sprang ikkje etter «Hjallis» mot Hotell Alstor, men tok heller mine eigne skøyter og skøyta heim mot Eiganes, fortel Middelthon.

Han meiner at historia er heilt på høgde med då Oddvar Brå brakk staven.

Siste nytt

  • Gjert Ingebrigtsen-elev slo Jakob Ingebrigtsen-rekord

    José Carlos Pinto slo rekorden til Jakob Ingebrigtsen med ett sekund i gateløpet Hytteplanmila lørdag.

    Portugiseren, som trenes av Gjert Ingebrigtsen, vant det ti kilometer lange løpet på Ringerike med tiden 27.53. Jakob Ingebrigtsens rekord fra 2019 var 27.54.

    Treningskamerat Narve Gilje Nordås har vunnet de siste fire utgavene av Hytteplanmila - men måtte se seg slått av Pinto. Nordås ble nummer to, 33 sekunder bak portugiseren.

    en person som løper i et løp
    Foto: Paul S. Amundsen / NTB
  • Tenniskomet får kjempesjanse – møter stjerner i Wien

    Tennistalentet Nicolai Budkov Kjær (19) går rett inn i hovedrunden i ATP500-turneringen i Wien i Østerrike.

    Det får NTB opplyst av Kjærs far Alexander.

    Kjær skulle egentlig spilt i kvalifiseringen til turneringen, men har fått wildcardet som den italienske stjernen Matteo Berrettini i utgangspunktet hadde.

    (NTB)

    en mann som spiller tennis
    Foto: Jonas Ekströmer / TT / TT / NTB
  • Viking-kaptein Zlatko Tripic reiste ikke med troppen til Tromsø – venter barn

    Serieleder Viking kan se ut til å måtte klare seg uten Zlatko Tripic i den viktige kampen mot Tromsø, melder Stavanger Aftenblad.

    32 år gamle Tripic var nemlig ikke til stede da laget møttes lørdag formiddag og startet på reisen mot Tromsø, opplyser Viking-trener Morten Jensen til Aftenbladet.

    Avisen skriver at konas termin er i neste uke.

    – Vi er jo obs på at den kampen kommer når den gjør. Men vi får ta en vurdering når det nærmer seg, jeg tenker ikke på det akkurat nå. Fødsel har førsteprioritet. Så får vi se hvilke alternativer og muligheter som finnes hvis det skulle skje tett på hverandre, sa Tripic til Aftenbladet sist uke.

    Tripic og kona Anette Hovland har fra før sønnen Luka (2).

    Kampstart mot Tromsø er søndag klokken 14.30.

    (NTB)

    Tripic
    Foto: Fredrik Hagen

Sendeplan

Kl. Program Kanal