Hopp til innhold

– Nille har truleg stått i band heile liv

Halsbandet på hunden hadde vakse inn i huda, pelsen var full av avføring og under potane hadde tispa betente sår. Nå vil Hundehjelpen til botnen i kven som har mishandla hunden dei kallar for Nille.

– Normalvekta på ein vaksen Border Colli er 18 - 20 kilo, Nille var 8 kilo då ho blei teken hand om, seier Borghild Eystberg frå Hundehjelpen avdeling Rogaland.

Det var førre sundag at ein person som fiksa bilen sin på Nærbø i Hå oppdaga at det kom ein hund inn i gardsrommet sitt. Hunden skal ha kollapsa og mannen frå Nærbø kontakta Hundehjelpen.

– Det er det verste eg har sett. Hunden var heilt dehydrert, den var full av drit og lort og den hadde sår under potane, seier Eystberg som kontakta dyrlegemed det same.

På Hafrsfjord dyreklinikk prøvde dei å gje Nille mat, men ho tok ikkje opp næring. Ho fekk derfor drypp i fleire dagar, og tilstanden hennar var svært alvorleg ifølgje Eyestberg.

Nå vil ho vita kven som eig Nille:

– Det kan sjå ut som om hunden har stått fasttjora i heile sitt liv og gått rundt i si eiga avføring, dette er heilt klart dyremishandling, seier ho.

Borghild Eystberg seier at dei i samråd med dyrlegen trur at Nille kan vera mellom 4 til 6 år.