Kvar femte kvinne i norske storbyar seier dei har
opplevd truande eller ubehageleg oppførsel frå sjåføren når dei har køyrd drosje. Det viser ei undersøking som InFact har utført for VG.
Bakgrunnen for undersøkinga er dei mange tilfella av valdtekter og seksuelle tilnærmingar mot kvinnelege drosjepassasjerar i Stavanger det siste året.
Berre halvparten trygge
Medan 70 prosent av dei spurte i undersøkinga svarar at dei føler seg trygge når dei køyrer drosje, er det tilsvarande talet for Stavanger 50 prosent, skriv avisen.
Nesten halvparten seier at dei føler seg tryggare i drosjar med kvinnelege sjåførar. Halvparten seier også at dei føler seg tryggare i drosjen dersom det er fleire som køyrer saman. I alt 46 prosent av dei spurte seier også at dei føler det er tryggare å køyra med ein etnisk norsk sjåfør, medan 52 prosent seier det ikkje har noko å seie.
1.071 kvinner i Oslo, Bergen, Stavanger og Trondheim har svart på
undersøkinga.