Hopp til innhold

Droppar husleigekravet og ber om orsaking

Byråd for kultur og næring i Oslo, Hallstein Bjercke (V), varslar at kommunen droppar alle krav mot familien som vart kravd for 133.000 kroner i husleige for eit tomt husvære.

Bitten Andersen og verge Greta Mathisen

Verje Bitten Andersen (t.v.) og Greta Mathisen, som fekk kravet frå Oslo kommune.

Foto: NRK

– Eg har gitt klar beskjed til Bustadetaten om å droppe kravet med ein gong, og at dei pårørande skal få ei skikkeleg orsaking. Det er ikkje slik Oslo kommune skal behandle innbyggjarane sine, seier Hallstein Bjercke til NRK.

Døydde i 2011

Hallstein Bjercke

Byråd for kultur og næring i Oslo, Hallstein Bjercke, droppar alle krav mot familien.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Det var i Dagsrevyen i går det kom fram at ei psykisk utviklingshemma kvinne hadde fått eit krav på 133.000 kroner i husleige for det kommunale husværet broren til kvinna hadde budd i til han døydde for eitt og eit halvt år sidan.

Kommunen fekk beskjed om dødsfallet ei veke etter at det skjedde, og leigeforholdet vart sagt opp via ein e-post frå ein annan slektning. Familien hadde også rydda og vaska seg ut av husværet.

Etter eitt og halvt år svarte Boligbygg med å krevje 133.000 kroner i manglande husleige. Det viste seg at kontrakten ikkje var sagt opp på rett måte reint formelt.

– Går gjennom rutinane

Bustadbygg gjekk også vidare og klaga dødsbuet til Husleigetvistutvalet for å få ut pengane. Dette utvalet fungerer som ein domstol i husleigekonfliktar i Oslo.

– Her har ein nok late paragrafane og juristane sine vurderingar trumfe det sunne folkevettet. Eg har gitt Boligbygg klar beskjed om å gå gjennom rutinane sine for å unngå slike saker i framtida, seier Hallstein Bjercke. Han vedgår at det som har skjedd er fullstendig uakseptabelt.

Det er også uakseptabelt fordi eit husvære no har stått tom i eitt og eit halvt år som kunne ha vore brukt av andre som har behov for det.

Sjå innslaget i Dagsrevyen torsdag:

Oslo kommune krever husleie på 134 000 kroner fra arvingen til en død mann.
Kommunen ble varslet om at mannen døde og at leieavtalen ble sagt opp, men mener oppsigelsen ikke ble gjort riktig.
Dermed løp husleien i halvannet år. Advokaten til arvingen mener kravet mangler rettslig grunnlag.

VIDEO: Krev leie for kommunal bolig etter død