Etter telemarkingens meining er det mange viktige og stimulerande musikkprisar her i landet, men Spellemannprisen er ikkje ein av dei.
– Dette er ikkje ei verdig utdeling. Den har hatt si tid, legg den ned, seier folkemusikaren frå Tuddal.
Buen meiner det er tilfeldigheitar som styrer utvalet av prisvinnarar, og at seriøs musikk blir skuva heilt i bakgrunnen.
– Blaserte
Han har sjølv vunne prisen to gonger, men meiner at prisutdelinga minner mest om eit hjernetomt amerikansk show.
– Dei blaserte unge musikarane kjem allernådigst opp på scena for å ta imot harpa, seier den engasjerte musikaren.
Styreleiar i Spellemann A/S Marte Thorsby er ikkje einig med Buen.
– Bransjen set pris på Spellemannprisen, seier ho, og artistane synes det er gøy. Eg trur ikkje denne prisen blir lagt ned med det første.
– Seriøst
Spellemannprisen er musikkbransjen sin eigen pris for å feire dyktige musikarar.
– Dette er eit seriøst show. Sjåarane får det dei vil ha på TV, sier Thorsby.
Den seinste Spellemannprisutdelinga på TV2 var for 15 dagar sidan, laurdag 5. mars. Sendinga blei sett av nær 700.000 sjåarar sjølv om den konkurrerte med verdsmeisterskapen på ski på NRK. Det meiner Thorsby syner at dette showet vil folk ha.
– Spelemann var ei heidersnemning tidlegare, men no er det øydelagt seier Buen.
Karpe Diem ble årets spellemenn.
Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX