Fylkets første meieri på Hafslo
Dei to første meieria i Sogn og Fjordane vart starta på Hove i Vik og på Hafslo i 1874. På Hafslo-meieriet var Karoline Skaarhaug tilsett som meierske. Ho hadde utdanna seg på Ås Høiere Landbruksskole (seinare kjent som Norges Landbrukshøgskole). Det var det lokale Landhusholdningselskapet som dreiv Hafslo-meieriet. (Dette er mest sannsynleg den same foreninga som i andre samanhengar vert nemnt som Hafslo handelsforening som vart skipa i 1873, og som same året søkte om å drive ølskjenking i bygda.) Tanken var at meierska Karoline Skaarhaug, truleg frå Nordfjordeid, skulle ta imot unge jenter og gje dei opplæring. Men dette første meieriet greidde ikkje å halde drifta i gang. Etter tre år vart det lagt ned.
Lyster Meieri
Lyster Meieri vart starta i 1888 og var i drift til 1894. Det var handelsmann Døsen som bygde meieriet, som hadde smørkinne og "broaka", samt utstyr for brunostkoking. Mjølka kjøpte han frå bøndene kring inste Lustrafjorden. Sjå også:
Handelsstaden Døsen.
Meieri på Røneid
På Røneid vart eit nedlagt skulehus nytta m.a. til meieri i ein kort periode kring 1900. Sjå:
Handel og gjestgiveri på Røneid.
Meieri på Sperle
På Sperle i Jostedalen vart det på same tid bygt eit lite meieri som vart lagt ned etter 10-12 års drift. Huset vart seinare overteke og utbygt av ungdomslaget "Fram" til ungdomshuset "Framheim".
Meieristri-kløyving
Då det nye industrisamfunnet i Årdal vart skapt like etter 2. verdskrig, vart også Årdal Meierilag skipa. Det bygde eit moderne meieri som tok imot mjølk frå Lærdal, Borgund, Årdal og store delar av tidlegare Luster kommune. Sjå:
Industri og næring i Årdal.
Inn i Indre Sogn Meierilag
Men korkje kommunikasjonsmessig eller av andre grunnar kjende folk i dåverande Hafslo kommune same tilknytinga som lustringane til Årdal. Difor gjekk dei inn i Indre Sogn Meierilag då dette vart skipa i 1951, og leverte mjølka til det nye stormeieriet som laget bygde i Sogndal i 1955. Meieriet i Årdal var slege saman med Sogn Meieri på 1970-talet. Sogndal Meieri vart lagt ned i 1996, då sentralmeieriet for fylket opna på Byrkjelo i Gloppen.
Frå 1935 vart det skipa ei mengd såkalla "smørlag" i Luster.