SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Skular i Luster

Gamleskulen i Gaupne. (Foto: Ottar Starheim, NRK © 2003)
Gamleskulen i Gaupne. (Foto: Ottar Starheim, NRK © 2003)

Skulefundasen i Luster

I alle prestegjeld vart det halde "skulefundas" - dvs. eit møte der krinsinndeling og andre lokale skuleordningar vart fastsette.

Publisert 20.11.2002 11:02. Oppdatert 18.11.2003 15:28.

Framlegg om frie skulebøker

Thomas Amle kom i 1816 med framlegg om at skuleborna skulle få fritt skulemateriell. Men framlegget fekk ikkje nok støtte.

Fastskular i Luster

Enkeltomtaler av skulekrinsane.

Kveldsskular og framhaldsskular i Luster

Det første ålmenne "vidareutdanningstilbodet" utover folkeskulen i Luster kom i gang midt på 1870-talet.

Privatskular i Luster

Mange av dei velståande overklassefolka som budde i Luster heldt seg i gamal tid med privatlærar for borna sine.

Mellomskule på Lyster Sanatorium

På sanatoriet på Harastølen vart det sett i gang både folkeskule og mellomskule for borna til dei tilsette som budde der.

Realskulen i Gaupne

Krigstida med reiseproblem og mykje otte for ungdom som måtte bu heimanfrå når dei gjekk på realskule og gymnas, førte til ei oppblomstring av ei mengd lokale skuletilbod. Sjå: Sogndal gymnas og realskule.
I Gaupne vart det i 1944 starta to-årig realskule med ein klasse kvart år. Eksamensretten sorterte under realskulen Sogndal. Realskulen vart lagt ned i 1946.

Husmorskulen i Kroken og på Hafslo

Sogn Fjordane fylke - den gong Nordre Bergenhus Amt - starta ein av dei første husmorskulane i landet i Holmedal i Askvoll kommune i 1877. 20 år seinare vart husmorskulen i 1897 flytta til Munthehuset i Ytre Kroken, og seinare til Hafslo.

Hafslo husstellfagskule

- sjå: Husmorskulen i Kroken og på Hafslo.

Hafslo vidaregåande skule

- sjå: Husmorskulen i Kroken og på Hafslo.

Yrkesskulen i Kinsedal

Etter 2. verdskrig sto ein mengd bygningar etter tyskarane sitt "aluminiumseventyr" i Kinsedal tome. Frå 1946 til 1952 vart desse bygningane nytta av fylket til ein yrkesskule i mekanikar-, elektro- og røyrleggjarfag.

Ungdomsskulen i Luster

I 1986 fekk Hafslo kombinert barne- og ungdomsskule, der også borna frå Solvorn og Veitastrond går dei tre siste skuleåra. Nybygg for ungdomsskulen i Gaupne vart teke i bruk i 2003.

Luster vidaregåande skule i Gaupne

I 1977 starta Sogndal yrkesskule ein filial i Gaupne med eitt-årig grunnkurs i maskin- og mekanikarfag. I 1998 vart vidaregåande skulen i Gaupne lagt ned samstundes med vidaregåande i Vik kommune.

Luster Musikkskule

vart starta i 1978. På dei første 22 åra har musikkskulen gjeve musikkundervisning til kring 2000 born og unge.

Kommunale skular i Luster i 2003:

Fortun skule (1.-7. klasse) 16 elevar
Bolstad skule (1.-7. klasse) 31 elevar
Dale skule (1.-7. klasse) 65 elevar
Gaupne skule (1.-7. klasse) 136 elevar
Jostedal skule (1.-7. klasse) 44 elevar
Livdtun skule, Indre Hafslo (1.-7. klasse) 46 elevar
Solvorn skule (1.-7. klasse) 27 elevar
Veitastrond skule (1.-7. klasse) 12 elevar
Hafslo barne- og ungdomsskule 220 elevar
Luster ungdomsskule 136 elevar

Fortun skule. (Foto: Arild Nybø, NRK)


MEIR OM LUSTER 
Luster kommune

 
Aviser og media i Luster
Historia i Luster
Industri og næring i Luster
Kjende personar i Luster
Kommunehistoria i Luster
Kraftutbygginga i Luster
Krigshistoria i Luster
Kyrkjer i Luster
Samferdsle i Luster
Skular i Luster
Verd å sjå i Luster

 
Lyd frå Luster
Video frå Luster
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no